Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

TONE – strategi for kjeldekritikk

Vurder kvaliteten på informasjonen du finn på nettet, som om du er ein detektiv. Gå på jakt etter spor, still spørsmål, og ta omsyn til motiva til dei som har publisert informasjonen.

Truverdig

Om du slår opp i ei ordbok, finn du at truverdig er det same som ærleg, sikker, påliteleg. Når du har ei bok eller ei nettside som du vil bruke i oppgåva di, er det viktig å vite at du kan stole på den informasjonen du finn der.

Kven er forfattaren?

I ei bok er det lett å sjå kven som er forfattaren. Namnet vil stå på omslaget og på den første sida. På ei nettside er det ikkje alltid like lett. Ofte finn vi ikkje noko namn i det heile.

Kven er sendaren?

Hald deg til kjende nettadresser. Ei side du kjenner opphavspersonen til, er lettare å vurdere enn ei side der kjelda er ukjend. Finn du namnet til forfattaren eller organisasjonen som står bak informasjonen, kan du trygt gå vidare.

Kven står bak sida?

Finn og les "Om oss"-sida. Bruk nettstader som læraren din har tilrådd.

Objektiv

Kva er det å vere objektiv? Om du ser i ei ordbok, vil du finne synonym som upartisk, fordomsfri og verkelegheitsnær.

Å vere objektiv vil seie at ein prøver å vere nøytral, at ein ikkje har eit bestemt synspunkt som ein prøver å overtyde nokon om. Det kan vere vanskeleg både å vere objektiv og å vurdere om andre er det, særleg dersom vi er einige i det kjelda seier.

Korleis kan du avgjere om informasjonskjelda du har funne, er objektiv eller partisk? Det kan du finne svar på ved å stille spørsmåla under.

Kva var hensikta til forfattaren då hen skreiv teksten?

Er hensikta å overtyde deg om noko? Mange prøver å overtyde andre om at det dei meiner, er det einaste rette. Då har forfattaren teke eit standpunkt til noko. Døme: Nettsidene til politiske parti vil prøve å overtyde deg om at politikken deira er den beste løysinga for samfunnet. Religiøse grupper eller ideologiske organisasjonar vil òg ha innhald på sidene sine som vil prøve å overtyde lesaren om at deira verkelegheitsoppfatning er sanninga.

Er hensikta å informere deg på ein nøytral måte?

Det er òg mange nettsider som prøver å framstille ei sak frå ulike sider. Alle synspunkt har ein motsats! Om du skal skrive ei oppgåve eller førebu ei munnleg framføring om eit tema, må du prøve å finne fleire synspunkt om det temaet du skal jobbe med. Dermed får du fram drøfting i oppgåva di, og resultatet blir mykje betre.

Stemmer innhaldet med noko du veit frå før?

Som oftast veit du noko frå før om det du skal skrive om. Du har høyrt noko, sett noko eller lese noko som gjer at du har ei førestilling om emnet. Når du finn ei informasjonskjelde, er det lurt å tenke gjennom korleis det du les, passar i forhold til det du veit frå før: Er dette nytt for meg, eller kjenner eg igjen det ho seier?

Nøyaktig

At noko er nøyaktig, vil seie at det er på ein prikk likt eller at noko stemmer overeins med det verkelege, til dømes "ein nøyaktig kopi". Å vere nøye betyr dermed at ein er grundig og pirkete, at ein ikkje slurvar eller hoppar over noko. Nøyaktigheit handlar om kor detaljert og presis kjelda di er.

Slik kan du sjekke at ein forfattar eller ein nettstad har høg grad av nøyaktigheit:

Finn du skrivefeil eller anna slurv?

Om du finn skrivefeil eller anna slurv i teksten, er det eit varselsignal om at forfattaren ikkje har vore særleg nøyaktig. Dei fleste pc-ar har retteprogram, så det er lett å få retta skrivefeila sine. Om forfattaren ikkje har gidde å rette skrivefeila sine, er det ekstra viktig å undersøke om hen har gidde å sjekke den informasjonen hen har lagt ut.

Når vart kjelda sist oppdatert?

At ei nettside er "oppdatert", betyr at nokon med rettar til sida har vore innom. Ein treng ikkje redigere eller gjere endringar for at ei side skal vere oppdatert, det betyr berre at ein av eigarane eller forfattarane har lagra henne på nytt. Om ei side bør vere oppdatert heilt nyleg eller ikkje, kjem an på kva oppgåva di er.

Oppgir forfattaren eller nettstaden kjeldene sine?

Når du skriv ei oppgåve, skal du alltid oppgi kva kjelder du har brukt, kvar du har henta informasjonen frå om det du skriv. Dette gjeld òg for forfattarar som skriv fagbøker eller lagar fagnettsider. Når du skal sjekke kor nøyaktig ei kjelde er, må du sjå etter om forfattaren har oppgitt kjeldene sine. Viss ein forfattar tek avskrift av ein annan forfattar og gir det ut som sitt, er det plagiat. Om du som elev leverer ei oppgåve som du har kopiert av ein annan, er det juks.

Eigna

Når du skal sjekke om ei kjelde er eigna, sjekkar du om ho passar til bruken din.

Kven er målgruppa?

Kven er det forfattaren har hatt i tankane når hen har laga nettsida? Er det elevar på vidaregåande eller studentar, eller folk flest som ikkje er ekspertar på emnet? Er innhaldet og språket for vanskeleg, eller er det for enkelt?

Passer kjelda til formålet?

Skal du halde ei munnleg framføring om eit emne på fem minutt, treng du korte og oversiktlege kjelder. Skal du skrive ei større innleveringsoppgåve over fleire sider, treng du kjelder som går meir i djupna.

Er kjelda lett tilgjengeleg?

Av og til kan det vere vanskeleg å finne fram på ei side sjølv om innhaldet ikkje er så komplisert. Kan du eventuelt spørje nokon om hjelp til å finne fram, eller bør du finne ei side som er lettare tilgjengeleg?

Relatert innhald

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist oppdatert 04.05.2026