Sosiale medium og ytringsfridom - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosiale medium og ytringsfridom

Ein viktig føresetnad for demokrati er at borgarane har rett til å seie kva dei meiner. Men kva skjer når vi tek i bruk sosiale medium for å ytre meiningane våre? Kjem fleire til orde? Eller har nett-trolla overteke, slik at vi blir tause og sensurerer oss sjølv?
Video: Norges institusjon for menneskerettigheter / CC BY-NC-ND 4.0

Sosiale medium opnar for at fleire kan ytre seg

I Noreg er det i sosiale medium at folk ytrar seg oftast. Omtrent halvparten av oss ytrar oss gjennom sosiale medium. Fleire deltek i debattane, og ungdom får stadig større innverknad.

Nokon hevdar derfor at sosiale medium styrkjer ytringsfridommen, fordi dei gjer det mogleg for fleire å ytre seg.

Uten sosiale medier hadde jeg ikke hatt den stemmen jeg har i dag.
– Informanten "Therese" (Fannemel, 2014)

Sosiale medium påverkar den offentlege samtalen

Sosiale medium har endra måten vi utvekslar informasjon og kommuniserer på. Eigentleg er det positivt for demokratiet, men måten den offentlege samtalen går føre seg på, kan òg bidra til at ytringsfridommen blir avgrensa.

I samband med kommunevalet hausten 2019 prøvde Folkeopplysningen på NRK å manipulere elevar ved Lillestrøm videregående skole ved hjelp av sosiale medium. Det lykkast dei dårleg med, ifølgje forskinga som blei gjennomført i etterkant (Aagre & Dizdarevic, 2020). Det som overraska forskarane, var at få elevar delte politisk innhald i sosiale medium. Sjølv dei mest politisk aktive av ungdommane var i stor grad tause. Dei føretrekte å diskutere politiske spørsmål ansikt til ansikt.

Forskarane fann tre grunnar til dette:

  1. frykta for kritikk – å stille seg lagleg til for hogg
  2. frykta for å verke kunnskapslaus – å ta munnen for full
  3. frykta for definering – når bordet fangar

Desse tre årsakene heng nøye saman. Ei meiningsytring i sosiale medium opnar for kritiske motreaksjonar som kan vare over lengre tid. Det fører til bekymringar for at kritikken blir synleg for heile nettverket, og for at andre avslører at ein ikkje har nok kunnskap.

Mange elevar var òg bekymra for å bli definerte, det vil seie at andre definerer deg inn i ei snevrare rolle enn du ønskjer. Enkelte elevar var òg bekymra for æveperspektivet i sosiale medium, mellom anna ved at meiningsytringar i sosiale medium kan få negative konsekvensar seinare i livet, til dømes ved bakgrunnssjekk før jobbintervju.

Mange pålegg seg derfor ei form for sjølvsensur og vel tausheit for å unngå negative reaksjonar. Dette avgrensar den frie meiningsytringa og kan verke innskrenkande på demokratiet.

Tenk etter

Når ytra du sist meiningane dine i sosiale medium? I kva samanheng og kvifor gjorde du det? Del gjerne refleksjonane dine med ein medelev eller heile klassen.

Status for ytringsfridom i sosiale medium i 2014

Ein rapport om ytringsfridom i sosiale medium i Noreg i 2014 (Enjolras, Rasmussen & Steen-Johnsen, 2014) viser at det er små forskjellar mellom kvinner og menn når det gjeld ytringsaktivitet i sosiale medium. Det er dessutan liten forskjell mellom den etniske majoritetsbefolkninga og ikkje-vestlege innvandrarar.

Kvinner vel likevel i større grad enn menn å halde tilbake meiningane sine i frykt for latterleggjering eller for å støyte eller såre andre.

Kvinner opplevde langt oftere enn menn å få ubehagelige kommentarer rettet mot kjønn og utseende, og representanter for den etniske minoritetsbefolkningen opplevde oftere enn majoriteten kommentarer rettet mot religiøs oppfatning, etnisk bakgrunn, hudfarge og nasjonalitet. (Enjolras, Rasmussen & Steen-Johnsen, 2014, s. 174)

Folk avgrensar jamt over ytringane sine meir i sosiale medium enn dei gjer privat. Dei er redde for at meiningane vil verke støytande, for å såre folk som står dei nær, eller for å bli oppfatta som uhøflege. Forskarane antydar at sosiale medium i større grad blir prega av ein forsiktigheitskultur enn av ein kultur der alle slags ytringar er tillatne.

På den andre sida viser undersøkingar at mange blir ramma av usaklege, ubehagelege kommentarar og truslar, og at delar av befolkninga blir ramma hardare enn andre. Dei som blir utsette for dette, blir mindre motiverte til å delta i debattar og seie meininga si. Slik blir synspunkta deira usynleggjorde i det offentlege samtalen.

Filmen Troll i ord er laga av Marie Kvalø, Kamilla Brun og Lutta Vollen frå Sortland og Hadsel vidaregåande skular i Nordland. Dette var eit bidrag i Fritt Ord sin konkurranse for elevar i vidaregåande skule: ''Ytringsfrihetens helter og antihelter''.

Særtrekk ved digital informasjon og sosiale medium

Forskaren Van Dijk (2006) har kome fram til fire kjenneteikn som er typiske for digital informasjon:

  1. Varigheit: Digital informasjon lèt seg lagre og arkivere.
  2. Kopiering: Digitale kodar kan kopierast på ein billeg og lettvinn måte.
  3. Skalerbarheit: Informasjonen kan utvidast frå å vere mellom to personar til å bli massekommunikasjon.
  4. Søkbarheit: Ein kan raskt finne igjen informasjon via søkjemotorar.

Alle desse kjenneteikna ved digital informasjon gjer at vi lett mister kontrollen over eigen informasjon, sidan han raskt kan spreiast, finnast igjen, kopierast og lagrast. Sidan vi er redde for eige omdømme, blir vi meir varsame når vi deler informasjon.

Vi nyttar dagleg sosiale medium til ytringar, sidan dei er enkle å bruke og administrere, og gjer det mogleg å samhandle og kommunisere innan eit sosialt nettverk. Dei sosiale media har tre viktige typar innebygde handlingsmoglegheiter:

  • profilar
  • venelister
  • kommunikasjonsverktøy

Desse handlingsmoglegheitene gjer at du som brukar både kan produsere innhald og endre eksisterande innhald. Du kan òg velje om informasjonen skal vere offentleg, halvoffentleg eller privat. Dette kan igjen skape nye offentlege møtearenaer.

Fremjar eller hemmar sosiale medium ytringsfridom?

Særtrekk ved digital informasjon og sosiale medium kan forklare kvifor det er i sosiale medium folk oftast ytrar seg. Dei sosiale media opnar òg opp for at fleire kan ytre seg og delta i samfunnsdebatten.

Men både dei teknologiske føresetnadene og den rådande kulturen i sosiale medium kan avgrense moglegheitene dine for å ytre deg viss du opplever risiko for å støyte andre, bli latterleggjord eller bli utsett for ubehagelege kommentarar og truslar.

Til fordjuping

På nettsidene til NRK finn du meir informasjon om eksperimentet frå Folkeopplysningen.


Kjelder

Enjolras, B., Rasmussen, T. & Steen-Johnsen, K. (2014). Status for ytringsfriheten. Hovedrapport fra prosjektet. Institutt for samfunnsforskning.

Fannemel, H.E. (2014). Kvinners meningsytring i den digitale offentlighetens kultur. Ytringsfrihet. Henta 11. januar 2021 frå http://ytringsfrihet.no/publikasjon/rapport-uten-sosiale-medier-hadde-jeg-ikke-hatt-den-stemmen-jeg-har-i-dag-2014

Van Dijk, J. A. G. M. (2006). The Network Society: Social Aspects of New Media. London: Sage.

Aagre, A. & Dizdarevic, N. (2020). ). Hvorfor er norsk ungdom tause om politikk på sosiale medier? Forskersonen. Henta 11. januar 2021 frå https://forskersonen.no/barn-og-ungdom-kronikk-meninger/hvorfor-er-norsk-ungdom-tause-om-politikk-pa-sosiale-medier/1736489

Aalen, I. (2015). Sosiale medier. Bergen: Fagbokforlaget.

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2021