Diskuter sjangrar og format

1. Finn og beskriv sjangrar
Gå saman i grupper på tre elevar.
Finn døme på tre ulike mediesjangrar og beskriv typiske sjangertrekk.
Del det de har funne, med ei av dei andre gruppene.
2. Gute- og jentesjangrar?
A. Diskuter ein påstand
Diskuter i klassen om det går an å seie at det finst typiske gute- og jentesjangrar.
Slik kan de argumentere for eit standpunkt
- Vis til konkrete medieuttrykk innan journalistikk, reklame, informasjon og underhaldning.
Vis til sjangertrekk ved innhald, form, formål og korleis medieuttrykket forheld seg til verkelegheita (fakta eller fiksjon).
B. Dokumenter diskusjonen
To elevar i klassen får i oppgåve å dokumentere argumenta som blir brukte i klassediskusjonen.
Lag to lister på tavla. Den eine lista skal innehalde argument som taler for at det finst typiske gute- og jentesjangrar, den andre lista skal innehalde motargumenta.
C. Oppsummer og konkluder
Jobb to og to.
Vel ut to argument på lista på tavla som taler for, og to argument som taler mot påstanden "Det finst typiske gute- og jentesjangrar".
Noter stikkord som samanfattar og konkluderer diskusjonen.
Del med klassen.
3. Attskap eit medieuttrykk i fleire format
Eit medieuttrykk kan lagast i fleire ulike format. Med omgrepet format meiner vi vanlegvis storleiken eller lengda på medieuttrykket, men det kan òg handle om måten innhaldet er organisert på, og kva lagringsformat som er brukt.
Beskriv formatet på biletet nedanfor. I kva kanalar eignar eit slikt format seg?
Attskap reklamen i tre nye format:eit format som vil fungere godt på TikTok
eit format som vil fungere godt på Nespressos Facebook-side
eit format til bruk i eit trykt satiremagasin
Bruk gjerne kunstig intelligens.
Reflekter saman med ein medelev over dei vala de har gjort når det gjeld høgde, breidde, lagringsformat og innhaldsformat.

4. Eigenvurdering
Jobb saman i grupper på tre. Svar på dei følgande spørsmåla etter tur:
Veit du no kva omgrepa sjanger, sjangertrekk og format betyr, eller er det noko du har behov for å få forklart meir nøye av dei andre i gruppa?
Forstår du sjangertrekk, at fellestrekka ved ein sjanger kan dreie seg om innhald, form, formål eller funksjon og relasjon til verkelegheita?
Trur du at du no kan nytte det du har lært om sjangrar og format når du skal lage eigne medieuttrykk?
Trur du at du no kan bruke det du har lært om sjangrar og format når du skal vurdere medieuttrykk som andre har laga?
Relatert innhald
Ei innføring i omgrepa mediesjanger og sosiale konvensjonar.