Sjangrar og format - Eksempel på sjangertrekk - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Sjangrar og format

Fagartikkel

Eksempel på sjangertrekk

Skjemaet viser typiske sjangertrekk innan journalistikk, informasjon og reklame. Du kan bruke eit slikt skjema når du skal finne sjangertrekk i eit mediemedieuttrykk. I tillegg kan du vurdere om medieuttrykket er dynamisk (i endring) eller statisk.

Journalistiske sjangrar

Nyheitsmelding radio

form

føremål

innhald

relasjon til verkelegheita

jingle, autoritær røyst, korte og konsise blokkar med journalistisk tilarbeidd informasjon, del av ei nyheitssending

halde innbyggjarane orienterte om kva som skjer i samfunnet

fakta om aktuelle hendingar i inn- og utland

gjengir verkelegheita

Nyheitsreportasje på TV (f.eks. i TV2-nyheitene og Dagsrevyen)

form

føremål

innhald

relasjon til verkelegheita

dramaturgisk oppbygging, film frå reelle hendingar med journalistisk tilarbeidd kommentar eller voice-over, blir sydd saman med andre nyheiter av ankerpersonar i studio

halde innbyggjarane orienterte om kva som skjer i samfunnet

fakta om aktuelle hendingar i inn- og utland

gjengir verkelegheita

Avis-enkét (f.eks. "Fem på gata")

form

føremål

innhald

relasjon til verkelegheita

korte intervju med same spørsmål til ulike personar, bilete av personen, enkel, ryddig layout, journalistisk tilarbeidd informasjon

halde innbyggjarane orienterte om kva som skjer i samfunnet

fakta om aktuelle hendingar i inn- og utland

gjengir verkelegheita

Reklamesjangrar

Reklameplakat

form

føremål

innhald

relasjon til verkelegheita

ståande eller liggjande format, produktbilete, logo, informasjon om eigenskapar og pris

orientere om, vekkje interesse for og selje produkt, styrkje tillit til ei merkevare

viser eigenskapane til produktet, men også kjenslemessig tilleggsverdi for forbrukaren

betalt informasjon relatert til verkelegheita, men appellerer til kjensler og draumar

Reklame-applikasjon (f.eks. på Instagram)

form

føremål

innhald

relasjon til verkelegheita

eit bilete med kommentar og tagg, ev. merkt «sponsa», lagt inn i straumen av bilete f.eks. på ein Instagram-konto

orientere om, vekkje interesse for og selje produkt, styrkje tillit til ei merkevare

viser eigenskapane til produktet, men også kjenslemessig tilleggsverdi for forbrukaren

betalt informasjon relatert til verkelegheita, men appellerer til kjensler og draumar

Radioreklame

form

føremål

innhald

relasjon til verkelegheita

jinglar, intim og overtydande røyst, ei forteljing, gjerne eit spørsmål som blir svart på, ofte samtalar, fengjande musikk

orientere om, vekkje interesse for og selje produkt, styrkje tillit til ei merkevare

viser eigenskapane til produktet, men også kjenslemessig tilleggsverdi for forbrukaren

betalt informasjon relatert til verkelegheita, men appellerer til kjensler og draumar

Informasjonssjangrar

Informasjonsskriv

form

føremål

innhald

relasjon til verkelegheita

nøyaktig og presis informasjon om ei hending eller ein situasjon i eit ryddig oppsett, kan vere meir eller mindre designa

orientere, skape haldningar og åtferdsmønster

informasjon om kven, kva, kvar, arrangement, hendingar, framgangsmåtar

praktisk orientering, fakta

Informativ nettstad

form

føremål

innhold

relasjon til virkeligheten

presis informasjon som er logisk organisert, enkelt å finne informasjon, illustrerande og forklarande bilete

orientere, skape haldninger og åtferdsmønster

informasjon om kven, kva, kvar, arrangement, hendingar, framgangsmåtar

praktisk informasjon, fakta, kan spele på kjensler

Informasjonsplakat

form

føremål

innhold

relasjon til virkeligheten

bilete og tekst designa etter komposisjons- prinsipp, tydeleg merkt avsendar

orientere, skape haldningar og åtferdsmønster

informasjon om kven, kva, kvar, arrangement, hendingar, framgangsmåtar

praktisk informasjon, fakta, kan spele på kjensler

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2016