Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Finn sjangertrekk

Medieuttrykk som høyrer til same sjanger, har nokre felles kjenneteikn når det gjeld form, innhald, relasjon til verkelegheita og formål. Slike kjenneteikn blir kalla sjangertrekk. I desse oppgåvene skal du leite etter sjangertrekk og plassere ulike medieuttrykk i den sjangeren dei høyrer heime.

1. Finn sjangertrekk i filmen

I filmen under (lengde 00:32) ser vi ein ung mann som trener i eit treningsstudio. Det er tungt. Men etter at han drikk ein slurk frå ein boks merkt "Trøll", blir alt mykje lettare.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
  1. Kva sjanger høyrer denne filmen til?

  2. Kva kjenneteikn ved filmen bidrog til at du valde å plassere denne filmen i nettopp denne sjangeren?

  3. Kva er formålet med filmar i denne sjangeren?

2. Finn sjangertrekk i eit tv-program

  1. Sjå dei første fem–ti minutta av siste episode i NRKs programserie Nytt på nytt.
  2. Kva sjanger høyrer dette tv-programmet til?
  3. Kva signal gir vignetten om sjangeren?
  4. Kva signal gir programleiarintroduksjonen om sjangeren?
  5. Korleis er programmet bygd opp?
  6. Kva forventar du som sjåar av dette programmet?

3. Finn sjangertrekk i ein skriftleg tekst

  1. Studer teksten nedanfor. Kva sjanger høyrer denne teksten til?

  2. Kva seier innhaldet om kva sjanger teksten høyrer til?

  3. Kva seier forma om kva sjanger teksten høyrer til?

Tekstutdrag frå En biologisk supercomputer?

Sjakkvidunderet Magnus Carlsen speider ikke etter grønnere gress mens han beiter på grønne enger. Han konsentrerer seg heller om å tygge.

– Nja-ei, noe lidenskapelig forhold har jeg vel aldri hatt til spillet.

Magnus Carlsen drar på det, men én ting gjøres umiddelbart klart: Carlsen er ikke en av disse som freser rundt og gløder av lidenskap for ting.

– Som barn tenkte jeg ikke akkurat på å bli sjakkspiller, sier Carlsen avmålt og realistisk. (Haugen, 2011)

4. Finn sjangertrekk i ein plakat

Studer plakaten frå Kreftforeningen.

  1. Kva er innhaldet i den skriftlege teksten?

  2. Korleis er plakaten utforma?

  3. Kva bodskap formidlar forma og innhaldet?

  4. Kva er formålet med plakaten?

  5. Forklar korleis du, ut frå innhald, form og formål, kan vite kva sjanger dette medieuttrykket høyrer til.

Kjelde

Gilbert, I. M. H. (2011, 11. januar). En biologisk supercomputer? https://studenttorget.no/index.php?artikkelid=8414

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 24.03.2025