Programvare for medieproduksjon

Redigering, design og publisering
Programvare for medieproduksjon er spesialisert mot bestemte føremål:
- redigering og utkøyring av bilete
- redigering og utkøyring av lyd
- redigering og utkøyring av video
- design og publisering på nett
- design og publisering for sosiale medium
design og publisering for trykksaker
Ulike program fungerer etter dei same prinsippa
Profesjonelle program har eit utal moglegheiter for kombinasjon av funksjonar, og det finst alltid fleire måtar å gjere det same på. Det tek lang tid å blir riktig godt kjend med eit program. Men heldigvis er dei fleste programma bygde opp etter omtrent same prinsipp. Lærer du deg eitt program skikkeleg, er det enklare å setje seg inn i liknande programvare.
Prøv minst tre gonger aleine
Når det er noko heilt bestemt du ønskjer å få til, byrjar du med å prøve å finne relevante funksjonar på eiga hand. Prøv minst tre gonger aleine. Deretter kan du gjerne spørje ein medelev eller ein lærar om hjelp. Det mest praktiske er likevel å lære seg å finne ut av ting på eiga hand. Du kan også søkje etter løysingar på nettet.
Tips
I søk bruker du ‘how to’ saman med den engelske nemninga for den funksjonen du ønskjer å bli betre kjend med, eller det engelske ordet for det du ønskjer å få til.
Set deg inn i ei programvare på eiga hand
Det er smart å bruke ei systematisk tilnærming når du skal gjere deg kjend med eit nytt dataprogram.
- Kva gjer programmet? Kva blir det brukt til?
- Kva er hovudfunksjonane til programmet? Kva fagkunnskapar er det greit for deg å ha når du skal bruke programmet?
- Sjekk om programmet har ein Hjelp-meny med forklaringar og videoar, ofte finn du han heilt til høgre på hovudmenylinja. Og set av tid til å sjå gjennom introduksjonar. Sjå for eksempel her: Starthjelp Photoshop
- Neste steg er å gjere deg kjend i programmet. Start øvst frå venstre mot høgre og gå systematisk gjennom alle menyar.
- Opprett filer, prøv ut og undersøk verktøy og funksjonar i undermenyane.
Det minste du bør kunne i slutten av vg1
For foto
- klippe ut delar av eit bilete og setje det inn i eit anna
- justere lys og farge i eit bilete
- skjere til eit bilete
- justere biletstorleik og oppløysing
- arbeidsflyt mellom lag
- lagre i ulike filformat
For film
- klippe film
- justere lyd
- leggje på tekstplakatar i starten og slutten av ein film
- lagre i ulike filformat
For lyd
klippe i lyd
justere kvalitet på lyd
klippe saman lyd i fleire spor
lagre i ulike filformat
For nett
- setje bilete og tekst inn på ei nettside
- lenkje sider til kvarandre
- lage eksterne lenkjer
- lage meny
- klargjere mediefiler (.mp3, .mp4, .jpg, .png, .pdf) for publisering på nett
For grafisk design
- plassere tekst og visuelle element i eit dokument
- bruke og endre fargar
- importere teksttypar
- arbeidsflyt mellom sider og lag
- lagre i ulike filformat
For tekstarbeid
- autokorrektur
- enkel formatering
- setje opp innhaldsliste
samskriving
Tenk over
Hvilke funksjoner har du allerede erfaring med og fra hvilke programmer?