Pressefridom – kjenneteikn på demokrati - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Pressefridom – kjenneteikn på demokrati

I eit land med pressefridom kan journalistar fritt publisere informasjon, utan sensur frå styresmaktene. Når pressefridommen blir undergraven, er det eit teikn på at demokratiet blir svekt. Pressefridomsindeksen til Reportere uten grenser gir eit bilete av forholda for pressefridommen i verda.

Eit av dei viktigaste prinsippa i eit demokratisk samfunn er at alle borgarar har rett til å meine kva dei vil, og til å gi uttrykk for det i skrift og tale. Pressefridom betyr at ein journalist fritt kan publisere informasjon i aviser, radio, TV og på nett utan å bli sensurert av offentlege styresmakter.

Pressefridom i Noreg

I Noreg har vi ei fri og uavhengig presse. Presse blir brukt som ei fellesnemning for nyheitsmedium, det vil seie trykte medium som aviser og nyheitsmagasin pluss nyheitsmedium på radio, TV og nett.

Ytrings- og pressefridom er ein føresetnad for demokratiet og er nedfelt i Grunnlova. Nyheitsmedia er viktige og nyttige for samfunnet vårt. Ei fri presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. Gode forhold for pressa og vern av journalistar som utfører samfunnsoppdraget sitt, sikrar eit levande demokrati.

Ver varsam-plakaten og pressa sin sjølvjustis

I Noreg styrer pressa seg sjølv. Styresmaktene kan ikkje blande seg inn i den redaksjonelle verksemda. Dette er eit viktig prinsipp i demokratiet vårt.

Ver varsam-plakaten forankrar etiske normer for trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar i Noreg. Regelverket er laga av pressa sjølv. Staten er ikkje innblanda. Ver varsam-plakaten set fokus på kva rolle ei fri presse skal ha i samfunnet vårt. Han slår fast at pressa skal vareta viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk.

Media har ei sentral samfunnsrolle

Informasjonsfunksjon:
Nyheitsmedia skal spreie informasjon om viktige hendingar i samfunnet, slik at folk kan ta bevisste val.
Arenafunksjon:
Media skal leggje til rette for debatt om viktige samfunnsspørsmål. Dersom vi skal ta aktivt del i samfunnet og delta i den offentlege debatten, er vi avhengige av media.
Vaktbikkje-funksjon:
Pressa skal avsløre maktmisbruk og overvake styresmaktene. Ho blir ofte omtalt som den fjerde statsmakta.

Noreg toppar pressefridomsindeksen

Pressefridomsindeksen gir eit bilete av forholda for presse- og ytringsfridommen i verda. Pressefridomsindeksen er basert på ulike kriterium, til dømes mangfald av presse i landet, sjølvstendige medium og utbreiing av vald og overgrep mot journalistar.

Noreg er eit av landa som gir best vern av pressefridommen, og i fleire år har vi toppa pressefridomsindeksen.

Rangering av pressefridom i 2020

  1. Noreg
  2. Finland
  3. Danmark
  4. Sverige
  5. Nederland

Reportere uten grenser

Pressefridomsindeksen blir utarbeidd av organisasjonen Reportere uten grenser. Det er ein uavhengig, internasjonal journalistorganisasjon som jobbar for pressefridom. Reportere uten grenser rangerer land basert på spørjeundersøkingar blant menneskerettsaktivistar, advokatar, forskarar og reporterar.

Utan ei fri presse blir ingen kamp høyrd
Slagordet til Reportere uten grenser

Pressefridom under press

I mange land i verda er pressefridommen i fare eller i ein alvorleg situasjon. Når pressefridommen blir undergraven, er det eit teikn på at demokratiet blir svekt.

I land med totalitære regime er sensur eller offentleg førehandskontroll av ytringar ein del av styresettet. Sensur betyr at offentlege styresmakter set grenser for kva det er lov til å publisere og spreie offentleg.

I land som Russland kan det få store konsekvensar viss regimekritiske saker blir publiserte. Journalistar blir straffa for å drive med kritisk journalistikk.

Les meir i relatert artikkel frå nrk.no:

Relatert innhald


Tenk over:

  • Korleis trur du det er å vekse opp i eit land der pressefridommen er kraftig undertrykt?
  • Kva konsekvensar ville det fått for deg, trur du?

Fråvære av pressefridom får konsekvensar

Når pressefridommen blir innskrenka, får det konsekvensar. Menneske blir fråtekne retten dei har til informasjon.

I land der pressa sin fridom til å informere er kraftig undertrykt, påverkar det moglegheita borgarane har til å ta gjennomtenkte avgjerder og val i samfunnet. Det går òg utover samfunnsdebatten. Kontrollerte medium kan ikkje leggje til rette for ein sakleg og open debatt om viktige samfunnsspørsmål. Og utan ei fri presse blir urettferd, korrupsjon og maktmisbruk vanskelegare å avsløre.

Risikoyrke

I 2020 blei rundt 50 journalistar og medietilsette drepne i samband med arbeidet sitt, ifølgje Reportere uten grenser. Dei fleste drepne jobba med tema som korrupsjon, organisert kriminalitet eller miljøproblem. Mange fleire blir arresterte av same grunn.

Afghanistan er eit døme på eit land som blir rekna som farleg for pressefolk. Det viser rapportar frå Reportere uten grenser. Her er journalistar under stadig press, og kvinnelege journalistar er spesielt sårbare.


Relatert innhald

Fagstoff
Ytringsfridom og pressefridom

I eit demokratisk samfunn har alle lov til å ytre seg. Media har eit spesielt ansvar for å informere om det som skjer, og for å avsløre maktmisbruk.

Kjelder

NRK. (2021). Angrep på journalister. Henta 9. februar 2021 frå https://www.nrk.no/nyheter/angrep-pa-journalister-1.13829689

Schwebs, T., Ytre-Arne, B., Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Oslo: Det Norske Samlaget.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Ragna Marie Tørdal og Kristin Skare Orgeret. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 12.02.2021