Personleg kommunikasjon i fleire kanalar
Personleg kommunikasjon
Personleg kommunikasjon er kommunikasjon mellom to eller fleire personar som er i direkte kontakt med kvarandre. Personane skiftar vanlegvis mellom å vere den som snakkar (sendar), og den som lyttar (mottakar). Deltakarane har høve til å gi direkte tilbakemelding til kvarandre, til å stille oppfølgingsspørsmål og til å presisere kva dei sjølve meinte med det dei sa.
Personleg kommunikasjon er òg privat. Det vi seier, er ikkje meint for andre enn dei som er til stades. Vi gir uttrykk for kjensler som misnøye eller begeistring, og vi bruker anerkjennande småord og eit kroppsspråk som får samtalen til å gli lettare: "Seier du det, ja? Ikkje sant? Stilig!"
Munnleg kommunikasjon
Munnleg kommunikasjon er altså prega av direkte tilbakemeldingar. Når kommunikasjonen skjer ansikt til ansikt, gir ansiktsuttrykk og kroppsspråk signal som styrkar eller svekker bodskapen vår til dei andre.
Tenk over
I filmen Kva er god munnleg kommunikasjon? (lengde 6:46) under ser du døme på dårleg og god kommunikasjon. Vi går gjennom døme på sjølvsentrering, nettmøte, kroppsspråk, språkbruk og blikkontakt.
Kva er god og dårleg kommunikasjon?
Kva for nokre av situasjonane kjenner du deg best igjen i?
Skriftlege meldingar på mobilen, i chat og i sosiale medium har eit munnleg språk. Vi forkortar ord og uttrykk for å spare tid, og innhaldet er uformelt.
Personleg mediert kommunikasjon
Vi kallar det for personleg mediert kommunikasjon når vi kommuniserer ved hjelp av medium. Telefon- og videosamtalar, e-post og sosiale medium er døme på medium vi bruker til personleg kommunikasjon.
Videosamtalar gir bestemor høve til å møte barnebarna ansikt til ansikt kvar dag sjølv om dei bur milevis unna. I arbeidslivet erstattar vi fysiske møte og tenestereiser med videomøte, meldingssystem og nettbasert fildeling.
Personleg kommunikasjon i sosiale medium
I dag er sosiale medium ein svært viktig kanal for personleg kommunikasjon. Her deler vi tankar, meiningar og opplevingar med kvarandre i form av skrift, stillbilete og video. Vi bygger sosiale fellesskapar, utfordrar kvarandre og agerer saman.
Snapchat, TikTok, Instagram, Facebook og YouTube er døme på sosiale medium som legg til rette for å skape og dele innhald og å delta i sosiale nettverk.
Tilbakemeldingar smør kommunikasjonen
Tilbakemeldingar blir ofte gitt som korte kommentarar eller ved hjelp av "likes" og smilefjes. Slike tilbakemeldingar "smør" kommunikasjonen, og dette fungerer på same måte som når den du snakkar med, smiler og nikkar.
Tenk over
- Har du opplevd å bli misforstått i personleg mediert kommunikasjon?
- Har du misforstått andre?
- Korleis "smør" du kommunikasjonen med andre i sosiale medium?
Sentrale fagomgrep
- personleg kommunikasjon
- når personar kommuniserer direkte med kvarandre
- personleg mediert kommunikasjon
- personleg kommunikasjon ved hjelp av medieteknologiar
- kanal
- plattforma, teknologien eller medietypen som mediebodskap blir formidla gjennom
- sosiale medium
- nettsider og appar som legg til rette for at brukarane skaper og deler innhald og deltek i sosiale nettverk
