Nyheiter i sosiale mediekanalar
Film: Nyheiter på sosiale medium
Journalistar er spesialiserte på å lage format tilpassa sosiale medium. Kva må ein so-me-journalist ta omsyn til? Sjå filmen (lengde 3:16) under.
Ulike strategiar i ulike mediehus
Fram til 2022 var Facebook ein viktig distribusjonskanal for redaksjonelt innhald frå NRK, men det globale medielandskapet endra seg, konkurransen frå fleire sosiale medieplattformer vart hardare, og EU innførte direktivet for personvern (GDPR). NRK avvikla ei rekke kontoar i sosiale medium, mellom anna Facebook-kontoen til NRK Nyheter, som hadde over ein halv million følgarar. NRKs strategi bort frå sosiale medium skal vareta kjernen i journalistikken (Soldal & Solberg, 2024).
Strategien til andre mediehus, som til dømes VG og lokalavisa Romerikes blad, er det motsette. Sosiale medieplattformer har blitt viktigare å satse på for å sikre framtida til journalistikken. For ungdom er sosiale medium ein av dei aller viktigaste nyheitskjeldene. Mange følger TV 2, VG og lokalavisa på TikTok eller på Snapchat. Hub2, so-me-redaksjonen til TV 2, plukkar saker frå hovudredaksjonane og forenklar og tilpassar sakene til yngre målgrupper (TV 2, u.å.).
Utfordringa for medieredaksjonane er å få merksemd og skape engasjement rundt det journalistiske innhaldet som blir publisert.
Kjerneoppgåvene til journalistane
Kjerneoppgåvene til journalistane er framleis å
gi variert og objektiv informasjon om viktige samfunnsspørsmål
avdekke maktovergrep som skjer i samfunnet
vere kanal for og legge til rette for samfunnsdebatt
I sosiale medium kjem journalisten i direkte kontakt med eit publikum og får omgåande respons på innhaldet. Står denne dynamikken i vegen for kjerneoppgåvene i journalistikken?
Tenk over
Kva får deg til å gi ei nyheitssak merksemd?
Må det til verkemiddel som overskrifter av typen "Har du lyst til å tene 100 000 kroner på under fem timar?"?
Nyheitsverdien i sosiale medium
For nyheiter i sosiale medium er det ikkje nødvendigvis nyheitsverdien til ei sak som veg tyngst.
Distribusjon og spreiing av nyheitssaker i sosiale medium føreset engasjement frå publikum, og marknadsorienterte algoritmar bestemmer kva saker som kjem i feeden til kvar enkelt brukar.
For redaktørstyrte medium er dette ei stor utfordring, for dei har ikkje kontroll på kva saker som når kva målgrupper. Ei løysing er å halde fast ved betydninga av journalistisk metode og samtidig bruke teknikkar for å skape engasjement hos publikum.
Nyheitskriteria – KVEISA
For at ei hending skal bli ei nyheitssak med nyheitsverdi, oppfyller ho vanlegvis to av dei seks nyheitskriteria (KVEISA):
konflikt
vesentleg
eksklusivitet
identifikasjon
sensasjon
aktualitet
Engasjement på sosiale medium – STEPPS
For å skape engasjement rundt ei sak er det mogleg å bruke Jonah Bergers STEPPS-modell (2014). Han beskriv ulike kriterium som fører til engasjement på sosiale medium. Modellen er generell, men kan brukast underordna journalistiske verdiar. STEPPS står for "social currency" (sosial valuta), "triggers" (triggerar), "emotions" (kjensler), "public" (offentlegheit), "practical value" (praktisk verdi) og "stories" (den gode historia).
Sosial valuta
Korleis framstår eg ved å dele dette på sosiale medium? Vil dette gi eit godt inntrykk av meg? På sosiale medium deler vi ofte innhald som får oss til å sjå bra ut.
Triggerar
Kva forbind folk til saka? Korleis triggar saka det folk er opptekne av for tida eller akkurat no? Triggar det, er det større sjanse for at saka blir spreidd på sosiale medium.
Kjensler
Når du bryr deg kjenslemessig om ei sak, er det meir sannsynleg at du deler, kommenterer eller liker eit innlegg, og saka blir spreidd på sosiale medium. Skaper du innhald som vekker kjensler som sinne, kan dette resultere i deling av innhaldet. Gladsaker blir òg ofte delte.
Offentlegheit
"Dette er dagens store sak, alle snakkar om ho." Viss saka står på dagsordenen og er ein "snakkis", er det større sjanse for at ho blir delt, kommentert og likt på sosiale medium.
Praktisk verdi
Vi deler ofte innhald som vi reknar som nyttig i kvardagen, vi liker å dele informasjon som vi trur vennene våre kan dra nytte av.
Den gode historia
God historieforteljing vinn ofte og får stor spreiing på nettet.
Tenk over
Kva mekanismar speler inn når ein journalist skal skape engasjement rundt redaksjonelt innhald?
Kvifor blir nokre saker delte, kommenterte og spreidde meir enn andre?