Norsk reklamehistorie frå 1850 og til i dag - Reklamehistorie frå 1850 og fram til i dag - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Norsk reklamehistorie frå 1850 og til i dag

Oppgåve

Reklamehistorie frå 1850 til vår tid

Reklamehistoria viser oss at reklamen i aviser og vekeblad har endra seg vesentleg frå 1850 og fram til i dag. I denne oppgåva skal de gjere greie for kva desse endringane går ut på, og tenkje dykk korleis ein annonse for ei bestemt vare vil komme til å sjå ut i framtida.

Oppgåve 1

  1. Gjer reie for dei viktigaste endringane i innhald og utforming av norsk reklame frå 1850 og fram til i dag.
  2. Korleis speglar dei ulike forskjellane du finn endringar i samfunnet i denne tidsperioden?
  3. Kva fortel det om medieutviklinga og endringar i folk sin mediebruk dei siste hundre åra?

Oppgåve 2

Drøft følgjande påstand i klassen eller i mindre grupper:

  • Reklamen frå 2000-talet har større påverknadskraft enn reklamen på 1800- og 1900-talet.

Oppgåve 3

Vel ein eldre reklame der produktet står i fokus og ein nyare reklame som fokuserer på produktet i bruk eller opplevingar knytte til produktet.

Beskriv korleis dei to produkta er utforma.

  • Kva er likt?
  • Kva er ulikt?

Oppgåve 4

Jobb saman to og to. Vel ei vare og beskriv korleis ein reklame for denne vara vil sjå ut når dykk er 50 år gamle.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Norsk reklamehistorie frå 1850 og til i dag