Mjuke og harde klipp i filmhistoria
Mjuke og harde klipp
I filmhistoria utforska filmpionerar kva effekt biletklipp hadde på eit publikum. Idéen om mjuke og harde klipp kjem herfrå. Mjuke klipp skaper kontinuitet og ein illusjon av at film og verkelegheit er eitt. Harde klipp kan signalisere ei sinnsstemning eller at forteljaren er nærverande i filmen.
Mjuke klipp hos pioneren D.W. Griffith
I amerikanske mainstreamfilm var idealet saumlaus og mjuk klipping. D.W. Griffith byrja å eksperimentere med slik usynleg klipping allereie tidleg på 1900-talet. Han var ein pioner i utviklinga av kontinuitetsklipping.
I filmen The Birth of a Nation (1915) kryssklipper han til dømes mellom dei to ulike sidene i den amerikanske borgarkrigen for å skape spenning og vise samtidigheit. Overgangen mellom klippa i ein scene skulle vere så usynlege som mogleg.
Harde klipp med Kuleshov-effekten
I Sovjetunionen på 1910-og 1920-talet utforska Lev Kuleshov montasjeteknikk. Han eksperimenterte med å setje eit uttrykkslaust ansikt saman med ulike objekt. Slik fekk han vist at eit publikum kunne tolke kjensler inn i eit ansikt, berre ut frå samanstillinga av bilete. Montasjeteknikk blir rekna for å gi harde klipp.

Kva kjensle synest du ansiktet viser?
Til høgre er bileta frå eksperimentet til Lev Kuleshov.
Kva kjensle synest du ansiktet viser for kvart av dei tre biletpara?
Montasje av harde klipp
Ein annan kjend russisk filmpioner frå same tidsperiode er Sergei Eisenstein. I ein av sine mest kjende filmar, Panserkrysseren Potemkin, brukte han montasjeteknikken for å bevisstgjere publikum. Eisenstein brukte ofte harde klipp eller kollisjonar mellom bilete for å vekke publikum og nærbilete som framheva det han ville kommunisere.



