Media si historie - Refleksjonsoppgåver – mediehistorie - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Media si historie

Oppgåve

Refleksjonsoppgåver – mediehistorie

Refleksjonsoppgåver til internasjonal mediehistorie. Oppgåvesettet kan ein bruke på ei heildagsprøve i mediehistorie.

Oppgåver

  1. Alle revolusjonar har sine eigne årsaker og verknader. Men enkelte historikarar meiner at brå og omfattande endringar i media fører til endringar i heile samfunnsstrukturen. Leit fram eksempel som kan bekrefte denne hypotesen. Kva meiner du?
  2. «Folk har ikkje berre slutta å kjøpe desse gamaldagse tinga som ein kallar bøker, men til og med å lese dei!» Dette sa ein skotsk trykkar i 1844. Er han i ferd med å få rett? Kva meiner du om framtida for boka? Grunngi svaret.
  3. Edvard Murrow blei ein av dei mest respekterte radioreporterane under krigen. Søk opp nokre av reportasjane hans. Kva meiner du det er som gjorde dei så verksame?
  4. I 1910 var danske Nordisk Film det nest største filmselskapet i verda. Korleis var det mogleg for eit så lite land å oppnå dette, og kvifor er det annleis i dag?

Relatert innhald

Fagstoff
Internasjonal mediehistorie

I tusenar av år har menneske kommunisert ved hjelp av ulike teknologiar. Det har forma kulturen vår.

Skrive av Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Media si historie