Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Vær Varsom-plakaten, kjelder og kjeldevern

Ver Varsam-plakaten, strafferettslova og den europeiske menneskerettskonvensjonen har alle retningslinjer for vern av kjelder.

Vær Varsom-plakaten og bruk av kjelder

I pressa sine etiske reglar står det mellom anna at journalisten skal «opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen». Du kan lese meir under overskrift 3 i Ver Varsam-plakaten.

Journalistar bruker vanlegvis fleire vitne til ei hending fordi førstehandskjelda kan hugse feil, ha gløymt noko, eller kan ha eigeninteresse i å framstille det som hende, på ein spesiell måte. Ei sak skal ideelt sett vere objektivt framstilt.

Journalistar bruker også mykje tid på å finne ikkje-profesjonelle førstehandskjelder som kan stille som case i sakene deira. Kjeldene sin funksjon blir då å representere haldningane eller erfaringane til folk flest.

Personar som ikkje naudsynlegvis er klar over verknaden av uttalene sine, må journalisten ikkje utnytte. Dette gjeld for eksempel menneske i sjokk eller sorg. Dei vil vere mykje meir sårbare enn ein medievand politikar.

Vurdering av informasjon frå munnlege kjelder

Har kjelda eit politisk eller økonomisk motiv for å stille opp som kjelde, må du vurdere spesielt kritisk opplysningane kjelda kjem med. Det hender at profesjonelle informasjonskjelder framstiller seg som nøytrale, utan å eigentleg vere det. Du kan sjekke bakgrunnen til personen og finne ut av kva kjelda har uttalt seg om tidlegare. Du kan også undersøkje med andre kjelder om opplysningane stemmer.

Greitt å vite om bruk av sitat:

  • Journalistar har ikkje rett til å trekkje sitat ut av samanhengen dei vart ytra i.
  • Journalistar kan skrive om sitat så lenge det dei skriv, uttrykkjer same meining.
  • Ei kjelde kan ikkje krevje å få trekkje tilbake sitat og endre meining etter at intervjuet har funne stad.
  • Ei kjelde kan ikkje få endra på journalisten sine titlar, ingress, bilettekst og eigne betraktningar.
  • Kjelda må få høve til å rette opp faktiske feil.

Å verne kjelda mot represaliar

Ifølgje Ver Varsam-plakaten skal ein som hovudregel identifisere kjeldene sine, med mindre det kjem i konflikt med kjeldevernet eller omsynet til tredjeperson. Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt samfunn og ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon.

3.5. Gi ikkje opp namnet på kjelda til opplysningar som er gitt fortruleg, dersom dette ikkje er uttrykkjeleg avtalt med vedkommande.

3.6. Av omsyn til kjeldene og til at pressa skal vere uavhengig, skal upublisert materiale som hovudregel ikkje utleverast til utanforståande.

Føremålet med kjeldevern er ikkje at påstandar kan bli ståande uimotsagde, men at allmenta på den måten kan få kjennskap til viktig informasjon som kjelda elles ikkje ville våge å stå fram med. Rett til å verne kjelder er derfor nedfelt blant anna i artikkel 10 i den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Under cover-journalistikk

Av og til vel ein journalist å opptre anonymt. Omgrepa wallraffing eller under cover-journalistikk blir brukte om ein journalist som opptrer under falsk identitet. Denne forma for journalistikk kan nyttast til å avdekkje kriminalitet, eller gi innsikt i eit miljø som elles er lukka. Ver Varsam-plakaten har reglar for når ein kan bruke slik metodar.

3.10. Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste utvegen for å avdekkje forhold som har vesentleg samfunnsinteresse.

Å verne kjelda mot seg sjølv

Det finst personar som ikkje har nok dømmekraft til sjølv å vurdere korleis dei opptrer i møte med media, og kva for konsekvensar det dei seier og gjer kan få. Dette gjeld spesielt barn, rusa personar og personar med svekka mental helse. I slike tilfelle har journalisten eit ansvar for å verne kjelda mot seg sjølv.

3.9. Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar som ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttaler til pressa. Misbruk ikkje andre sine kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.

Skrive av Maren Aftret-Sandal og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 17.07.2026