Haldningskampanje for å redusere matsvinn
Om matsvinn
Matsvinn er all maten vi kastar før han blir dårleg, eller mat som ikkje er heilt fersk lenger, slik Ingrid Vik Lysne fortel om i filmen ovanfor. Eit av FNs berekraftsmål er at vi skal halvere matsvinnet vårt innan 2030.
Cirka ein tredel av all mat som blir produsert på verdsbasis til menneskeleg konsum, blir kasta eller går til spille. Dette utgjer heile 1,3 milliardar tonn mat som går rett i søpla, kvart år. Vi er rett og slett ikkje flinke nok til å ete opp maten vi kjøper. Det må vi gjere noko med.
Å redusere matsvinn er ikkje berre viktig for å redusere klimautslepp, men gjer òg at vi kan spare mykje pengar på mat. Dette seier influensaren Karen Elene Thorsen, kjend som Fattig Student, meir om i filmen frå 2020 nedanfor (lengde 07:14).
Oppdrag: Planlegg ein haldningskampanje
Formålet med ein haldningskampanje er å få folk til å endre haldningar og åtferd. Føresetnaden for ein vellykka haldningskampanje er grundige undersøkingar, definisjon av målgrupper og god planlegging av kommunikasjon.
Kampanjen skal ha som mål å oppmode forbrukarar til å redusere kasting av mat ved å tenkje ut nye måtar å bruke opp maten på.
Oppgåve
- planleggj ein haldningskampanje ved å formulere bodskap, vurdere verkemiddel, lage skisser og planleggje ein miks av kommunikasjonskanalar
- skriv eit refleksjonsnotat der de forklarer vala dykkar
Relatert innhald
Vi forbrukarar er ikkje flinke nok til å ete opp maten vi kjøper. Kvar åttande berepose med mat som vi kjøper, går rett i søpla igjen.
Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.