Falske nyheiter svekker tilliten til media - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Falske nyheiter svekker tilliten til media

Der er alvorleg dersom store grupper i samfunnet mistar tilliten til den informasjonen media gir, slik situasjonen er i USA i dag. Då er demokratiet i fare.

Løgnlandet

Kva skjer når befolkninga mistar tillit til media og det politiske systemet? Dokumentarserien UXA – Thomas Seltzers Amerika (2022) gir eit godt innblikk i det kaoset som rår i USA i dag.

Du kan sjå resten av dokumentarserien UXA – Thomas Seltzers Amerika på NRK Skole

I dokumentarserien prøver Seltzer å forstå kvifor mange amerikanarar trur på konspirasjonsteoriar og er grunnleggande skeptiske til etablerte medium. I eit intervju med fagbladet Journalisten 18. oktober 2022 peiker han på at løgnaktig informasjon om Irak-krigen i 2003 førte til at mange amerikanarar fekk svekt tiltru til media:

– Dette er folk som tror på det spinnville, langt fra det som kan kalles mainstream. Men det er jo en berettiget skepsis til mainstream media knyttet til løgnene om Irak-krigen. Alle var jo med på den løgnen, noe journalister bør merke seg – at det var et tillitsbrudd.

Media er avhengige av tillit

Generelt er tilliten til offentlege institusjonar høg i Noreg. Tillit gjer det enklare å samarbeide og utføre felles oppgåver i eit samfunn. Men tilliten til media er svekt. I Noreg har vi tillit til at media handterer ytringsfridomen på ein god måte. Men ifølgje ei undersøking har ein av tre liten eller ingen tillit til korleis media set søkelys på eiga rolle. Unge menneske er mest skeptiske. Tilliten aukar med alderen.

Under Covid-19-utbrotet våren 2020 viser ei undersøking gjort av Medietilsynet at vi nordmenn hadde stor tillit til nyheitene frå NRK og TV 2. “Talla kan indikere at nasjonale tv-kanalar blir opplevde som viktigare under ein krise som han vi opplever no”, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Dei tradisjonelle media, som blant anna NRK, Aftenposten, VG og Dagbladet, møter ein auka konkurranse frå alternative medium. Ei undersøking som nyheitsbyrået Reuter gjorde i 2016, viser at 46 % av oss nordmenn stoler «stort sett» på nyheiter, og tilliten til journalistar ligg på berre 32 %. Det kan føre til at vi søker til alternative nyheitskjelder. Redaktør Brooke Binkowski i faktasjekknettstaden Snopes.com hevdar at falske nyheiter aukar fordi vi ikkje lenger stoler på media.

Til ettertanke

Kor stor tillit har du til at media set søkelys på si eiga samfunnsrolle?

Kva kan vere årsaka til at yngre har lågare tillit til media enn andre aldersgrupper?

Årsaker og tiltak

Kva kan så vere årsakene til desse tillitsproblema? Brandtzæg peiker på følgande årsaker:

  • sviktande inntekter og knappe ressursar i nyheitsmedia
  • faktasjekking og kritisk journalistikk blir nedprioriterte
  • aukande behov for å publisere sensasjonsprega nyheiter fordi høge tal på klikk og visingar er viktige mål på suksess

Kan media gjere noko for å auke tilliten? Seniorforskar Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF meiner at media kan vere meir opne og etterrettelege om korleis dei jobbar, blant anna ved å fortelje deg som mottakar om kva og korleis dei faktasjekkar. På den måten hever media kvaliteten på journalistikken. Slik kan du betre forstå kva for val nyheitsmedia gjer.

Falske nyheiter, ytringsfridom og demokrati

Journalistane si oppgåve er å tolke verda rundt oss på vegner av oss alle. Dersom vi mister tilliten til at dei gjer det på ein god nok måte, er dette bekymringsfullt for demokratiet. Eit moderne og opplyst folkestyre er heilt avhengig av at det har mangfaldig og sannferdig tilgang på nyheiter og annan informasjon. Mistilliten til media er størst blant veljarane på høgresida i norsk politikk og dei som er mest innvandringskritiske.

Organisasjonen Reporters without Borders er bekymra for at mange politiske regime bruker fokuset på falske nyheiter til å avgrense ytringsfridomen. Både i USA og i fleire europeiske og afrikanske land finn vi eksempel på at politikarar skyldar tradisjonelle nyheitsmedium for å bringe falske nyheiter. Slik er dei med på å svekke tilliten til media.

Kva er det som står på spel dersom falske nyheiter breier om seg?

  • Det kan så tvil om media sitt truverd, noko som kan svekke demokratiet.
  • Det kan påverke resultatet ved val av politiske representantar.
  • Pressa har fungert som det Harald Stanghelle har kalla «samfunnets leirbål», noko vi alle samlast rundt. Falske nyheiter kan føre til ein meir fragmentert debatt som er styrt av algoritmar.

Kjelder

Medietilsynet. (2020). Tillitsmåling for utvalgte norske medier fra Medietilsynet. https://www.medietilsynet.no/globalassets/dokumenter/203023_tillitsmaling_medier.pdf

Stjern, A. (2022, 18. oktober). "UXA – Thomas Seltzers Amerika": Thomas Seltzer: – Én ting har norske medier til felles med USAs høyremedier. Journalisten. https://journalisten.no/thomas-seltzer-en-ting-har-norske-medier-til-felles-med-usas-hoyremedier/539345

Skrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2020