Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Ei åtvaring mot KI

Mange stemmer hevdar at samfunnet kan spare mykje tid og pengar på å bruke kunstig intelligens (KI). Men er det ein god idé å overlate arbeid til eit verktøy vi ikkje kan stole på? Les kronikken til professor Rettberg og diskuter påstandane.

Nokre viktige omgrep

Kunstig intelligens (KI)
Kunstig intelligens er dataprogram som kan lære av store mengder informasjon og utføre oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens. Dei bruker matematiske modellar og statistikk til å finne mønster og til å føreseie kva som mest sannsynleg er rett.
Språkmodell
Ein språkmodell er eit avansert dataprogram som produserer tekst ved å rekne ut kva for ord som mest sannsynleg vil følge etter eit gitt ord. Språkmodellar er trena på enorme mengder tekstdata.
Kunnskapsarbeid
Med kunnskapsarbeid siktar ein til oppgåver der du tenker, lærer, kommuniserer og produserer noko, til dømes skriv ein tekst.
Tekgigant
Ein tekgigant er eit stort og mektig teknologiselskap som har stor innverknad på korleis vi bruker teknologi i kvardagen.
Bias
Bias er det same som skeivskapar eller fordommar. Kunstig intelligens vil forsterke skeivskapar og fordommar som finst i datagrunnlaget.

Del 1: Tenk over

  1. Når bruker du KI, og kvifor?

  2. Pleier du å sjekke og forandre tekstane du får av praterobotar?

  3. Skriv KI betre tekstar enn du sjølv gjer?

Del 2: Lær om kunstig intelligens

Kva er eigentleg kunstig intelligens? Mange gløymer at det er meir enn praterobotane dei bruker som samtalepartnar eller skrivehjelp.

Du finn ei kort forklaring på kva KI er i Lille norske leksikon.

Vil du lære litt meir om KI?

Les fagartikkelen "Kunstig intelligens" for å forstå kva teknologien kan og ikkje kan gjere.

Del 3: Les kronikken

Jill Walker Rettberg er professor og nestleiar for Senter for digitale forteljingar ved Universitetet i Bergen og har skrive kronikken "Nå er det nok. Stopp bruken av kunstig intelligens til kunnskapsarbeid".

Skriv ned eller marker med fargar i teksten

  1. Kva for døme har Rettberg på feil bruk av KI?

  2. Finn minst tre påstandar Rettberg kjem med om at vi i dag bruker KI feil.

  3. Kva er dei tre store problema ho peiker på?

  4. Kva er hovudbodskapen til Rettberg i denne teksten?

Del 4: Undersøk

Gå gjerne saman i grupper og fordel oppgåvene mellom dykk:

  • Kva står det i tekstane Rettberg lenkar til? Les ingress og overskrifter. Noter stikkord.

  • Kva er salsargumenta til OpenAI, Microsoft og Google? Du kan sjå korleis dei presenterer produkta, viss du søker på selskapet pluss produktet dei står bak.

    • Eks: Skriv "OpenAI + DALL·E" inn i søkefeltet til nettlesaren.

OpenAI står bak språkmodellar som ChatGPT og bilettenesta DALL·E.

Microsoft står bak språkmodellen Copilot og bilettenesta Azure AI.

Google står bak språkmodellen Gemini og bilettenesta Imagen.

Alle desse selskapa har fleire KI-tenester. Mange av desse tenestene samlar inn data om deg. Sidan skulen må passe på personopplysningane til elevane, er tenestene som bryt med personvernet, ikkje lovlege til bruk i undervisninga.

Del 5: Diskuter felles

  1. Kva tenker de om det Rettberg skriv i kronikken? Diskuter nokre av påstandane de fann i del 2.

  2. Når meiner de at det er smart å bruke KI?

  3. Når bør vi unngå å bruke KI?

  4. Kva er det viktigaste de har lært av å lese kronikken?

Nokre påstandar frå kronikken

  • Noregs strategi er å få oss til å bruke språkmodellar overalt.

  • Språkmodellar er eksplisitt utvikla for å fremme "amerikanske verdiar".

  • Språkmodellar effektiviserer ikkje kunnskapsarbeid. Dei øydelegg det.

  • Det er meir arbeidskrevjande å sjekke at eit samandrag av ein rapport skriven av KI, er korrekt, enn det er å skrive samandraget sjølv.

  • Språkmodellar er kommersielle produkt som er designa for å vere avhengnadsskapande.

  • Vi blir ikkje meir produktive, men dummare.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 10.11.2025