Egenvurdering
Eigenvurdering i emnet Twitter-demokratiet
Kva kan du om forskjellen mellom redaksjonelle og sosiale medium, og korleis sosiale medium fremmar og hemmar ytringsfridom og demokratiske prosessar?
Når du har jobba med dette emnet, bør du
forstå forskjellen mellom redaksjonelle medium og sosiale medium
kjenne til korleis sosiale medium blir brukte som politisk arena i Noreg og andre land
kunne reflektere over korleis sosiale medium påverkar og endrar den offentlege samtalen og den politiske offentlegheita
kjenne til korleis enkelte personar og organisasjonar bevisst manipulerer og forstyrrar nettbasert kommunikasjon
kunne drøfte i kva grad sosiale medium fremmar eller hemmar ytringsfridom
Viktige omgrep i emnet Twitter-demokratiet
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
algoritme
den offentlege samtalen
den politiske offentlegheita
edutainment
nettroll
politisk marknadsføring
redaksjonelle medium
sosiale medium
ytringsfridom