Analyse av dramaturgien i nyheitene

APUS-modellen er ein mykje brukt dramaturgisk modell i aktualitets- og hendingsnyheiter. Lytt til dette klippet frå ei tidlegare nyheitssending på NRK P3. Klarer du å identifisere dramaturgien i radioinnslaget?
Nyheitsinnslag på NRK P3
Tekstversjon
Intro (studiovert): Irakarane fekk sjølve ansvaret for landet sitt i dag. Dette var to dagar før den eigentlege fristen, for å gjere det vanskelegare for terroristar å planlegge aksjonar. Irakarar i Noreg jublar.
Intervjuobjekt (på telefon): Wow, kjempebra, takk for at du har ringt og sagt det til meg. Dette gjer meg veldig glad. Eg må gå heim no med ein gong og sjå på nyheitene på TV.
Journalist: Men du, du må snakke med meg ferdig først.
Intervjuobjekt: Ja, riktig.
Blokk (journalist): Esmand Sajon visste faktisk ikkje kva som hadde skjedd då P3 no ringde han i dag. Men han blei fort veldig utolmodig etter å feire landet sitt. Og kva gjer eigentleg ein irakar i lykkerus?
Intervjuobjekt: I dag skal eg drikke mykje og danse, og eg skal ringe familien min i Irak og snakke med dei.
Journalist: Kva betyr det som har skjedd i dag?
Intervjuobjekt: Det er altså nesten som bryllaupsfesten min, nesten det same.
Blokk (journalist): Esmand har ikkje vore i heimlandet på åtte år, men no som Irak er eit fritt land, gler han seg til å reise dit.
Intervjuobjekt: Ja, eg må reise. Eg har lyst til å reise med ein gong, men eg må spare litt pengar for å få oppleve å reise.
Lydklipp med den amerikanske presidenten: Ladies and gentlemen. We got him!
Blokk (journalist ): Sidan Saddam Hussein blei teken, har irakarar verda over gledd seg til denne dagen. Irak er eit fritt land.
Intervjuobjekt: Og eg er veldig glad, så eg skal ikkje gløyme denne datoen. I dag er det same som 17. mai.
Journalist: Du får i alle fall ha gratulerer med dagen.
Intervjuobjekt: Ja, tusen, tusen takk, tusen takk.
Utro (studiovert): Reporter her var Grete Strøm.
Enkel dramaturgianalyse av eit nyheitsinnslag
Lytt til klippet og svar munnleg på spørsmåla. Jobb i par.
- Kor byrjar og sluttar anslaget? I kva grad klarer anslaget å vekkje nysgjerrigheita di og skape interesse?
- Kva blir sagt i presentasjonen? Kor vellykka synest du presentasjonen i dette innslaget er?
- Kva får vi vite i utdjupinga?
- Korleis er slutten på innslaget? Får vi ei avrunding?
- I kva grad meiner du dette innslaget er bygd opp etter APUS-modellen? Kva fungerte bra? Kva kunne ha fungert betre?
- Kvifor bør du ha eit bevisst forhold til dramaturgi når du lagar eit nyheitsinnslag?