Boks - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Boks

Boks er ein kortfilm laga av Mathias Askeland i 2015. Det er ikkje så enkelt å ta gode bilete i ein fotoautomat, og det er heller ikkje alltid så lett å kommunisere med kjærasten.

Filmdetaljar

Tittel: Boks

År: 2015

Regi og manus: Mathias Askeland

Produsent: Mathias Askeland, Nikolai Hamel

Skodespelarar: Anne Cecilie Ukkelberg, Kenneth Åkerland Berg

Foto og klipp: Mathias Askeland

Lyd: Lars Nårstad

Produksjonsselskap: The London Film School

Opphav: Norge, Storbritannia

Boks er ein kortfilm om kommunikasjon og om eit parforhold i oppløysing. Filmen tar oss med inn i ein fotoautomat, der eit kjærastepar prøver å ta eit bilete som dei begge er nøgde med.

Filmen er Mathias Askeland sin avgangsfilm frå The London Film School i 2015. Det er Kenneth Åkerland Berg og Anne Cecilie Ukkelberg som speler rollene som kjærasteparet.

Skrive av Tina Andersson Jensen.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2019