Blendaropning og djupneskarpleik
Blendaropninga styrer mengda lys som treffer den digitale biletbrikka eller filmen. Ho består av metallblad (lamellar) som blir opna og lukka og kan samanliknast med auget. Når pupillen utvidar seg, kjem det meir lys inn i auget. Jo meir pupillen trekker seg saman, jo mindre lys blir sloppe inn. På same måte vil ei stor blendaropning sleppe inn mykje lys, mens ei lita blendaropning slepp inn mindre lys.
I filmen under (lengde 2:08) fortel fotograf Tom Knudsen om funksjonen til blendaren og korleis bileta dine blir påverka når du vel ulike innstillingar for blendaropning.
Blendaropninga kan justerast, og storleiken blir gitt i blendartrinn, òg kalla f-stop. For kvart f-stop eller trinn oppover i skalaen blir mengda lys som blir sloppe inn, halvert.

For nybyrjarar kan desse tala vere vanskelege å forstå sidan den største blendaropninga tilsynelatande har den lågaste talverdien, og omvend. Det er viktig å ha i bakhovudet at desse talverdiane eigentleg er gitt i brøkdelar. Blendartrinnet f/4 betyr eigentleg 1/4. f/4 slepp derfor mykje meir lys inn enn f/32, som betyr 1/32.
Prøv sjølv!
Ta ein serie bilete med eit digitalt spegelreflekskamera av same motiv der du manuelt vel blendaropningane 2,8, 5.6, 11 og 22.
Samanlikn resultatet. Korleis forandrar bileta seg når du forandrar blendaropning?
Dersom du ikkje har tilgang til eit avansert kamera, kan du gjere den same øvinga i NDLAs kamerasimulator og sjå korleis bileta blir forandra når du leiker med innstillingane for blendaropning.
Blendaropninga er med på å regulere djupneskarpleiken i bileta dine. Djupneskarpleik vil seie at eit element i biletet er klart og tydeleg, mens andre delar av biletet er duse og uskarpe.
Vel du eit lågt blendartal (stor blendaropning), som til dømes f/1.4, vil motivet ditt få liten djupneskarpleik. Då vil fokuspunktet ditt vere skarpt, mens resten av biletet vil vere ute av fokus.
Vel du derimot eit høgt blendartal (lita blendaropning), til dømes f/22, vil motivet ditt få stor djupneskarpleik. Då blir ofte både fokuspunktet og bakgrunnen i motivet ditt skarpe.

Hugseregel
- Eit høgt blendartal gir stor djupneskarpleik.
- Eit lågt blendartal gir liten djupneskarpleik.
Det er tre faktorar som styrer djupneskarpleiken i bilete:
- blendartal
- zoom
- nærleik
Liten djupneskarpleik gir dus og uskarp bakgrunn. Denne effekten eignar seg godt til portrett og objekt sidan hovudmotivet blir tydeleg vist utan at ting i bakgrunnen forstyrrar eller "kranglar" om merksemda til sjåaren. For å lage eit bilete med liten djupneskarpleik vel du eit lågt blendartal (til dømes f/4.0), set objektivet til full zoom og går fysisk så nært du kan.
Bilete med stor djupneskarpleik er bilete der mest mogleg i biletflata er skarpt. Dette er mykje brukt i landskapsfotografering og fotografering av bygningar (interiør- eller eksteriørbilete). For å lage bilete med god djupneskarpleik gjer du heilt enkelt motsett: Du vel eit høgt blendartal (til dømes f/22), bruker minst mogleg zoom og held avstand til motivet.

Tips til arbeid med djupneskarpleik
Set kameraet i stilling AV (Canon) eller A (Nikon). Då kan du justere blendaren til den ønskte verdien og la lukkaren stille seg inn sjølv.