Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova inneheld reglar og krav som skal sikre eit godt og trygt arbeidsmiljø. Til lova høyrer òg forskrifter og rettleiingar med utfyllande og meir detaljerte lovverk. Gi beskjed om du observerer trakassering, diskriminering, vald eller trussel om vald.

Formål

Arbeidsmiljølova skal sikre at arbeidstakarar har eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø. Dette inneber mellom anna

  • ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon

  • trygge tilsetjingsforhold og likebehandling

  • eit godt ytringsklima

  • eit inkluderande arbeidsliv

Arbeidstakar si medverknadsplikt

Sjølv om det er arbeidsgivar sitt ansvar å sørge for at reglane i arbeidsmiljølova blir følgde, har òg arbeidstakarar ei medverknadsplikt. Arbeidstakar er pålagd å

  • bruke verneutstyr der det er påbode

  • avbryte arbeidet og gi beskjed om feil eller manglar som kan vere til fare for liv og helse

  • gi beskjed om arbeidsrelatert skader eller sjukdom

  • vere delaktig i utarbeiding av oppfølgingsplanar og delta i dialogmøte med arbeidsgivar for tilbakeføring til arbeid etter skadar eller sjukdom

  • gi beskjed om observert trakassering eller diskriminering

  • rette seg etter påbod frå Arbeidstilsynet

Varsling

I samsvar med arbeidsmiljølova § 2 har arbeidstakar rett til å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, som til dømes om arbeidsmiljøet er uforsvarleg.

Arbeidstakar skal ved varsling følge framgangsmåten som står beskriven i § 2 A-2. Arbeidsgivar har på si side plikt til å følge opp innkomne varslar.

Det skal vere trygt å varsle, og det er derfor strenge reglar mot gjengjelding mot varslar. Det vil seie at arbeidsgivar ikkje har lov til å omplassere, forandre arbeidsoppgåver, utøve usakleg forskjellsbehandling med meir mot ein varslar.

Godt arbeidsmiljø

Arbeidsgivar skal sørgje for at arbeidstakarane har eit godt arbeidsmiljø, både fysisk og psykososialt. Det psykososiale arbeidsmiljøet handlar om korleis arbeidstakarane opplever arbeidet og arbeidssituasjonen sin, og om samspelet mellom menneske i arbeidet.

Det psykososiale arbeidsmiljøet blir blant anna påverka av:

  • innhaldet i arbeidet

  • korleis arbeidet blir organisert, planlagt og gjennomført

  • leiing

  • samarbeid og relasjonar i verksemda

  • kontakt med menneske som brukarar, pasientar, elevar, meir eller andre

  • kompetansen og dei øvrige føresetnadene til arbeidstakarane

Kapittel 4 i arbeidsmiljølova set ei rekke krav til verksemder for at arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg med omsyn til både psykisk og fysisk helse. Arbeidsgivar er pålagd å utføre eit systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS) på arbeidsplassen. Det er vanleg å strukturere arbeidet i ei HMS-handbok.

HMS-handbok

  • oversikt over aktuelle lover og reglar

  • mål, organisering og oppfølging av HMS-arbeidet

  • rutinar for kartlegging av arbeidsmiljøet

  • risikovurdering, handlingsplan

  • retningslinjer og rutinar innan HMS

  • retningslinjer for oppfølging av avvik og varsling

  • rutinar for opplæring av arbeidstakarar i HMS

  • tiltak for å fremme fysisk aktivitet

Verneombod

Eit verneombod er ein person som er vald blant arbeidstakarane i ei verksemd for å å vareta interessene til dei tilsette i HMS-spørsmål. Verneombodet skal sjå til at verksemda driv i samsvar med krava lova stiller til HMS. For å ivareta denne rolla kan verneombodet på eige initiativ gjere jevnlige systematiske inspeksjonar innanfor sitt verneområde.

På nettsida til Arbeidstilsynet kan vi lese at verneombodet blant anna skal:

  • delta aktivt i HMS-arbeidet til verksemda. Dette inkluderer også det psykososiale miljøet til arbeidstakarane

  • takast med på råd ved planlegging og gjennomføring av tiltak som har tyding for arbeidsmiljøet innanfor eige verneområde

  • takast med på råd ved etablering, utøving og vedlikehald av det systematiske HMS-arbeidet (internkontroll)

  • delta på alle stadiar i arbeidet med internkontrollsystemet og kan sjølv ta initiativet på fleire stadiar

Alle arbeidsplassar skal i utgangspunktet ha eit verneombod, og det er leiinga si plikt å sjå til at dette er på plass. Verksemder med mindre enn fem tilsette kan i nokre tilfelle velje andre ordningar. Verksemder som har meir enn eitt verneombod, skal ha eit hovudverneombod. Hovudverneombodet skal koordinere arbeidet til verneomboda.

Arbeidsmiljøutval

AMU bestemmer sjølv kor ofte dei skal ha møte, men normalt skal det haldast minst 4 møte kvart år. Utanom dei planlagde møta skal utvalet holde møte dersom minst to medlemmer krev det.

AMU skal involverast i planlegging av verne- og miljøarbeidet i verksemda. Alle bedrifter med minst 30 arbeidstakarar skal ha eit arbeidsmiljøutval, der arbeidsgivar og arbeidstakarane skal vere representerte med like mange personar. Har verksemda knytt til seg ei bedriftshelseteneste, skal også ein representant herifrå vere med i AMU.

Hovudverneombodet, eller verneombodet, skal vere ein av tilsetterepresentantane i arbeidsmiljøutvalet. Tilsvarande er det eit krav om at ein av dei øvste leiarane skal vere ein av arbeidsgivarrepresentantane i AMU.

Eit trygt arbeidsmiljø er prega av ein inkluderande kultur med gode verdiar. I dette ligg det òg at arbeidsplassen skal bidra positivt til førebygging og handtering av rus- og avhengnadsproblematikk. Arbeidslivet har eit eige kompetansesenter, Akan, som rettleier verksemder i dette arbeidet. Mange verksemder har ein eigen person i AMU som har ansvaret for Akan-arbeidet i verksemda.

Informasjon og drøfting

Arbeidsgivar har plikt til å drøfte spørsmål om arbeidsforhold med tillitsvald dersom verksemda har minst 50 tilsette.

Dette inneber informasjon om og drøfting av verksemda

  • sine aktivitetar og den økonomiske situasjonen

  • sin forventa bemanningssituasjon

  • sine endringar i arbeidsorganisering og tilsetjingsforholdet

Tillitsvald skal derfor mellom anna vere ein del av tilsetjingsprosessen og delta på intervju.

Arbeidstid

Arbeidsgivar må følge reguleringane i arbeidsmiljølova av arbeidstid for dei tilsette. Lova har reglar for både alminneleg arbeidstid, overtid, arbeidsfrie periodar, pausar, søndagsarbeid og nattarbeid. For barn og unge er det eigne, strengare reglar.

For enkelte grupper og situasjonar er det unntak frå dei allmenne arbeidstidsreglane. Mellom anna gjeld ikkje same reglar for overtid for arbeidstakarar i leiande stillingar eller i særleg uavhengige stillingar.

Føresegnene om arbeidstid kan òg fråvikast ved naturkatastrofar, ulykker og andre uventa hendingar der det er fare for skade på liv eller eigedom.

Reglar for arbeidstid

Alminneleg arbeidstid

Normal arbeidstid skal ikkje overstige ni timar i løpet av 24 timar og 40 timar i løpet av sju dagar. For skiftarbeidarar gjeld eigne reglar jf. § 10-4.

Overtid

Arbeidstakarar skal berre jobbe overtid dersom det ligg føre eit spesielt og tidsavgrensa behov. Overtidsarbeidet skal ikkje, utan særskild avtale, overstige ti timar i løpet sju dagar, 25 timar innan ein fire-vekersperiode eller 200 timar i løpet av eit år.

Ved overtidsarbeid har arbeidstakaren krav på minst 40 % i tillegg til normal lønn.

Arbeidsfri

Ved skiftarbeid og overtidsarbeid må arbeidsgivar sørge for at reglar for arbeidsfri blir overhaldne. I løpet av ein 24 timars-periode er det i utgangspunktet eit krav om ein samanhengande friperiode på minst 11 timar og ein arbeidsfri periode på minimum 35 timar i løpet av ein sjudagars-periode.

Arbeidsgivar og tillitsvalde kan inngå skriftlege avtalar med mindre arbeidsfri, men ikkje mindre enn 8 timars fri i løpet av 24 timar og 28 timars-friperiode i løpet av sju dagar.

Pausar

Arbeidstakarar med åtte timars arbeidsdag har krav på minimum 30 minutts pause. Om ikkje arbeidstakarane fritt kan forlate arbeidsplassen i pausen, eller om det ikkje finst tilfredsstillande pauserom, skal pausen reknast inn som arbeidstid.

Ved overtidsarbeid på meir enn to timar skal det leggast inn 30 minutts overtidsbetalt pause.

Barn og unge

Det er forbod mot barnearbeid. Det vil seie at barn under 15 år ikkje skal utføre ordinært arbeid. Kulturelt arbeid er unnateke. Det er òg lov med lettare arbeid, som avisbod, for barn som har fylt 13 år.

Permisjon

I samsvar med arbeidsmiljølova har arbeidstakar krav på permisjon i ei rekke ulike høve, som foreldrepermisjon, omsorgspermisjon, sjuke barn, utdanning og militærteneste. Arbeidsmiljølova regulerer retten til å få fri, men seier ingen ting om rett på lønn. Det er folketrygdlova som regulerer rett til lønn/trygd ved permisjon.

Rett til permisjon ved religiøse høgtider utover offentlege heilagdagar blir regulert av trussamfunnslova § 18.

Døme på permisjonar

Barns og barnepassar sin sjukdom

Arbeidstakar som har omsorg for barn (ut året dei fyller 12), har rett på inntil 10 dagars fri per kalenderår og inntil 15 dagar ved to eller fleire barn, ved sjukdom til barna eller barnepassar sin sjukdom.

Omsorg for å pleie nærståande

For pleie av nærståande i den siste fasen av livet har arbeidstakarar rett til inntil 60 dagars permisjon. For å gi nødvendig omsorg til nærståande gir lova rett til inntil 10 dagar fri per kalenderår.

Vern mot diskriminering

I samsvar med arbeidsmiljølova er det forbode med direkte og indirekte diskriminering på grunn av politisk ståstad, medlemskap i fagforeining eller alder. Annan diskriminering blir regulert av likestillings- og diskrimineringslova.

Vern mot diskriminering gjeld alle sider ved arbeidsforholdet, som tilsetjing, forfremming, opplæring og kompetanseheving, lønns- og arbeidsvilkår og oppseiing.

Tilsetjing

Arbeidsmiljølova har omfattande reglar knytte til tilsetjingar. Mellom anna kan tidlegare tilsette og tilsette i deltidsstillingar i somme tilfelle ha krav på fortrinnsrett til nye stillingar.

Alle arbeidstakarar har krav på ein skriftleg arbeidsavtale, som minst må innehalde:

  • namn på arbeidstakar, arbeidsgivar og arbeidsstad

  • skildring av arbeidet

  • oppstart, arbeidstid og arbeidsperiodar

  • eventuell prøvetid

  • retten til ferie og feriepengar

  • lønn og godtgjersle

  • oppseiingsfrist

  • rett til kompetanseutvikling som arbeidsgivar tilbyr

  • ytelsar til sosial tryggleik som arbeidsgivar betalar for

  • eventuelle tariffavtalar

Opphøyr av arbeidsforhold

Det er òg omfattande reglar knytte til oppseiingar. Eksempelvis må oppseiingar, både frå arbeidstakar og arbeidsgivar si side, skje skriftleg med korrekt oppseiingsfrist.

Lova har òg reglar som skal hindre usaklege oppseiingar og gi eit spesielt vern for arbeidstakarar ved sjukdom, svangerskap og fødsel og ved avtening av militærteneste.

Som hovudregel kan arbeidsgivar ikkje seie opp ein tilsett på grunn av alder før vedkommande er 72 år.

Alle som avsluttar eit arbeidsforhold, har krav på ein skriftleg attest der det mellom anna skal komme fram i kva tidsrom vedkommande har arbeidd, og kva arbeidet har bestått i.

Tenk over

  • Har du, etter å ha lese denne artikkelen, blitt merksam på nokon reglar som du ikkje kjende til frå før?

  • Kva er det viktigaste du har lært?

Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 25.09.2026