Oppgåve
Presenter ei sak
I denne oppgåva skal de søkje på nettet etter saker der regelverket for marknadsføring er brote. Jobb gjerne i grupper på to til fire personar.

Oppgåve
Utforsk ulike saker med brot av lovverk i marknadsføring. Vel ut éi sak, og presenter denne saka for resten av klassa. Vis til relevant lovverk, og vis til ein eller fleire paragrafar i lovverket som er relatert til lovbrotet.
Diskuter synet dykkar på saka felles i klassa.
Relatert innhald
Marknadsføringslova
Marknadsføringslova regulerer korleis bedrifter kan marknadsføre produkta sine, og kven dei kan marknadsføre dei til.
Varemerkelova
Varemerke er kjenneteikn for varene eller tenestene til ei verksemd. Varemerka kan ha stor kommersiell verdi og vere eit sterkt konkurransefortrinn.