Oppgåve
Lovverk og etisk ansvar i marknadsføring
Lage ein film om lovverket i marknadsføring, og fordjup deg i eit tema knytt til lovverk og etisk ansvar i marknadsføring.

Lag eit digitalt føredrag om eit tema knytt til lovverk og etisk ansvar i marknadsføring.
Oppgåve 1
Lag ein film med tittelen Lovverk i marknadsføring. Jobb gjerne i grupper på to til fire.
Oppgåve 2
Lag ein kort film der du presenterer eit sjølvvalt tema knytt til lovverk og etisk ansvar i marknadsføring. Filmen skal vare i maksimalt fem minutt.
Krav til filmen
- Filmen skal lagast for éi av følgjande målgrupper – du vel sjølv kva for ei: barn i alderen 8–10 år, elevar i vidaregåande skule eller eldre over 65 år.
- Du skal forklare temaet med dine eigne ord, men på ein måte som er tilpassa målgruppa. Tenk gjennom korleis du snakkar, og korleis du presenterer stoffet, for å nå målgruppa.
Det skal kome fram at du har undersøkt og tenkt gjennom ulike sider ved emnet ditt. Prøv å gi mottakarane dine ny innsikt og forståing.
Slik lagar du filmen
Du kan lage eit digital føredrag på mange ulike måtar. Ein effektiv metode er å veksle mellom ulike visuelle element, til dømes PowerPoint-lysbilete og eit halvnært utsnitt av deg mens du snakkar. Du kan òg vise ein presentasjon i PowerPoint og snakke i bakgrunnen. Det finst mange gratis program som du kan bruke for å ta skjermopptak.