Frå stumfilm til lydfilm
Stumfilm
Omgrepet stumfilm blir brukt om ein film som berre inneheld bilete, ikkje lydspor. Dei første åra var det vanleg at filmvisinga blei akkompagnert av ein pianist eller eit orkester. I mange stumfilmar blei delar av forteljinga formidla ved hjelp av trykte tekstplakatar, såkalla mellomtekstar.
Eksempel på norsk stumfilm
Denne norske stumfilmen frå 1927 er ein reklamefilm for Teddy sigarettar. Filmen er produsert av Gladtvet-Film. Filmen varer i 2 min og 30 sek.
Korleis trur du filmen ville blitt motteken i dag?
Stumfilmen si største stjerne

Stumfilmen hadde sin styrke i bruken av lys og skugge, og stumfilmstjernene var meistrar i å vise kjensler ved hjelp av gestar, blikk og mimikk. Den mest kjende skodespelaren og filmregissøren frå perioden med stumfilm er truleg Charlie Chaplin.
På NDLA film kan du sjå ein av Chaplin sine mest kjnete stumfilmar, Moderne tider (Modern Times) (1936).
Diktatoren var Charlie Chaplin sin første talefilm, og har med tida blitt ein av dei største filmklassikarane i verda. Filmen blei laga i 1940, og er tydeleg politisk i si latterleggjering av den tyske nasjonalsosialismen som råda på denne tida.
Den første lydfilmen
Den danske kunsthistorikaren Rudolf Broby-Johansen meinte at stumfilm var ein «sjølvstendig kunstart som vil fortsetje å leve uavhengig av dei ytre tekniske framskritta, på same måte som bilethoggarkunsten». Men slik gjekk det ikkje. Den første lydfilmen, The Jazz Singer, kom i 1927. I løpet av kort tid blei stumfilmen erstatta av lydfilm.
Det norske publikumet omfamna lydfilmen, og dei var også positive til den vesle teksten som dei måtte lese når utanlandske filmar blei viste. Lyden skapte betre kontinuitet i filmforteljinga. For kinogjengaren blei filmen ei totaloppleving av levande bilete, ekte røyster, naturleg bakgrunnslyd og synkronisert musikk.

Lydfilmen inntek norske kinoar
Dei norske kinoane sleit med økonomien på slutten av 1920-åra, slik stoda var elles i landet. Lydfilmen førte til økonomisk oppsving for film- og kinobransjen. Billettprisane auka, men folk strøymde likevel til kinolokala. Norske filmar ble igjen populære, for eksempel Tancred Ibsens Den store Barnedåpen, To levende og en død, Fant og Gjest Baardsen.
Det som skil moderne film frå de første lydfilmane, er at lydbiletet har blitt meir omfattande. I dag tenkjer vi sjeldan over lyden i ein film, han er berre ein naturleg del av handlinga og filmforteljinga. For oss er film like mykje lyd som bilete.