Filmen dei første åra

Frå stillbilete til levande bilete

Prinsippet for korleis ein skapar levande bilete vart oppdaga av Eadweard Muybridge i 1878. Han tok ein serie stillbilete av ein hest i fart, og desse bileta kunne ein så setje saman slik at det heile såg "levande" ut.
Ved å kombinere filmen frå kinetoskopet med projeksjonen frå Laterna Magica utvikla brørne Auguste og Louis Lumière i 1895 sitt eige system for vising av film, Kinematografen. Kinematografen gjorde det mogleg å vise film for eit større publikum. I kinematografen blir filmen ført over valsar med små tenner. Tennene tek tak i perforeringshola i filmen og trekker han til opninga bak prosjektorlinsa, òg kalla porten.
Den første filmen i verda
Den første filmen i verda var på berre nokre få sekund. Han vart filma den 14. oktober i 1888 av den franske oppfinnaren Louis Le Prince og viser menn og kvinner i ein hage. Sjå filmen her:
Dailymotion: 1888 - Roundhay Garden Scene
I ettertid er det likevel brørne Lumière som har blitt ståande som skaparane bak den første filmen i verda. Filmen deira, som dokumenterer arbeidarane som forlèt fabrikken til Lumière-familien, vart filma i 1895. Sjå filmen her:
Dailymotion: The Lumiere Brothers - First films (1895)
I dei første åra etter 1895 vart det i hovudsak laga kortfilmar med dokumentarisk innhald
