Universell utforming av lyd og video
Denne artikkelen tek for seg desse metodane for universell utforming av lyd- og videoinnhald:
tekstalternativ
teksting av lydinnhald
tydeleg tale og godt lydnivå
gode kontrastar
synstolking av video
WCAG-kravet 1.1.1 handlar om at alt som ikkje er tekst, skal ha eit tekstalternativ. Lagar vi nettinnhald basert på video eller lyd, må vi formidle innhaldet i tekstform òg. Slik vil innhaldet òg gi meining for dei som ikkje kan høyre eller sjå det.
Å lage tekstalternativ kan bety å
skrive eit samandrag av hovudinnhaldet
tekste eller transkribere innhald
forklare innhaldet ved sida av lyd- eller videofil
Det kan vere vanskeleg å høyre kva som blir sagt på grunn av låg lyd, støy i bakgrunnen eller utydeleg tale. Personar som snakkar fort og/eller utydeleg, er vanskeleg å tyde for høyrande òg. Teksting av tale gjer det enklare for alle å få med seg lydinnhaldet.
For personar med nedsett eller manglande høyrsel og personar som ikkje har lyden på, er det viktig at lyd er tilgjengeleg i tekstform.
Transkribering av lyd
Innhaldet i lydfiler blir tilgjengeleg som tekst ved å bli transkribert. Det betyr at det tekstlege innhaldet blir skrive ned og lagde ved ei lydfil. Denne teksten må ligge i nærleiken av lydfila.
Døme transkripsjon av lydfil
Lydbilete peis
Tekstversjon
Det sit eit par og skal kose seg framfor peisen, og vi høyrer lyden av peis – og det er kjempekoseleg. For å få til lyden av to menneske som koser seg framfor peisen, krevst det fleire lydar. Du må ha lyden av peis, den litt rumlande og mørke, herlege lyden. Men når ein tek den lyden inn i radioverda og biletverda, må ein skru han så høgt opp for å få rumlelyden, og då høyrest det jo berre ut som eit brennande inferno. Det er ikkje spesielt hyggeleg eller romantisk på hytta … Så lyden av peis må balanserast ut ved at vi legg på litt knitring av peis, som berre høyrest ut som papir som blir bretta, litt rumling, litt romantisk musikk og to raudvinsglas som skåler.
Programleiar: Og alt dette lagar du sjølv?
Joachim Sandvik: Dette må eg lage sjølv, og så må eg balansere lydane og finne ut kva som er viktig i scenen. Ein kan godt starte ved peisen og bevege seg litt ut, som om eit kamera som zoomar ut. Eller ein kan starte ved høgtalarane og høyre den romantiske musikken, før peisen kjem inn og alt endar i ein liten raudvinsskål og kanskje litt humring frå skodespelarane.
Programleiar: Sånn at ein får eit inntrykk av at nokon sit på ein hyggeleg stad og koser seg skikkeleg!
Joachim Sandvik: Ja!
Vi kan bygge inn transkripsjon i lydverktøyet dersom det er mogleg. Dersom det ikkje går, er det viktig at transkripsjonen er tilgjengeleg i nærleiken, til dømes i ein ekspanderbar boks.
Teksting av videoar
Teksta video har ein undertekst nedst i biletruta. Teksten må vere enkel å lese, ha god kontrast til bakgrunnen og ikkje vere for rask. I tv-bransjen er det til dømes vanleg å ha kvit tekst på ein mørkegrå eller svart bakgrunn.
I teksting av innhald kan innhaldet bli litt forkorta samanlikna med lyden. Hovudinnhaldet skal komme tydeleg fram.
Døme på teksting av video
Videoen "Korleis forhindre smitte" er teksta på bokmål og nynorsk.
God og tydeleg lyd i lyd- og videoproduksjonar kjem alle til gode. Det betyr tydeleg tale, og at det ikkje ligg høg og forstyrrande musikk eller miljølyd under talen.
Dersom det er mange lydar samtidig, kan det vere vanskeleg å skilje lydane frå kvarandre og få med seg innhaldet. Under opptak bør tale, musikk og miljølyd blir tekne opp separat, og i redigeringa bør dei ulike lydtypane ligge i kvart sitt spor.
Det er viktig å unngå forstyrrande bakgrunnsstøy og skurring under lydopptak, og det er viktig å omarbeide lyden i ettertid. Tale skal ligge på mellom –12 og –6 dB.

Kontrastar handlar om at element er ulike og kan enkelt skiljast frå kvarandre. Ved å bruke kontrastar kan vi framheve nokre parti og gjere andre mindre tydelege. Det gjer det enklare å oppfatte dei utheva og viktige delane, slik som tale og miljølyd i lydproduksjonar.
Ved å bruke gode visuelle kontrastar i videoar blir det enklare for personar med nedsett syn å sjå. Det gjeld levande bilete, illustrasjonar og animasjonar. Det er òg viktig i element vi legg til, som grafikk, vignettar og teksting.
Synstolking er å beskrive visuelt videoinnhald som elles ikkje kjem fram i lyden. Informasjon om det visuelle innhaldet er viktig for at svaksynte og blinde skal få betre utbytte av ein video.
Ei forteljarstemme som skil seg ut frå andre stemmer i videoen, forklarer det visuelle innhaldet. Synstolking blir lagd i eit eige, separat lydspor.
Du kan lese meir om synstolking av video på nettsidene til Uutilsynet.