Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Metaunivers – ein draum om verdsherredømme?

Jobb i små grupper og utforsk idéane bak Facebooks lansering av Metaverse. De skal også drøfte positive og negative sider ved slike innovative og globale kommunikasjonsplattformer.

Oppgåve 1: Kva er Metaverse?

Sidan (metauniverset på norsk) framleis er på idéstadiet, kan det vere vanskeleg å forstå kva det eigentleg dreier seg om. For å få innsikt i dette skal de i fellesskap studere tre ulike kjelder:

Oppgåve 2: Lag ein presentasjon for klassen

Samanlikn det de har funne ut om kva Metaverse er, og lag ein kort presentasjon for resten av klassen.

Etter kvar presentasjon skal klassen få moglegheit til å stille tre spørsmål til innhaldet.

Oppgåve 3: Ei fantastisk moglegheit eller ein trussel?

Metaverse blir lansert som eit teknologiske , ei ny kommunikasjonsplattform der verkelegheit og smeltar saman. Men kva konsekvensar kan ei slik utvikling få?

Diskuter korleis produksjon og distribusjon av informasjon i metauniverset kan bli styrt og kontrollert av ulike interesser.

Kvar gruppe skal formulere ei kort problemstilling til debatt i klassen. De skal formulere problemstillinga i éi setning. Skriv setninga på tavla eller bruk Samtavla som verktøy.

Køyr debatt i klassen. Hugs å argumentere for meiningane dine på ein fagleg måte ut frå det du veit om globale teknologiselskap og .

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 20.12.2021

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Internasjonal medieøkonomi og globale aktørar

Gå til faget: Medie- og informasjonskunnskap 2

Gå til emne: Globale teknologiselskap og medieaktørar