Eksponentiallikningar - Matematikk S1 - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Fagartikkel

Eksponentiallikningar

Korleis løyser vi likningar av typen aˣ = b?

Likningar med potensuttrykk der eksponenten er ukjend, kallar vi eksponentiallikningar. Vi kan bruke logaritmesetningane til å løyse slike likningar.

Gitt eksponentiallikninga

Sidan logaritmen til to like tal er like, er

Tredje logaritmesetning gir då at

Det gir løysinga på eksponentiallikninga:

Her kan vi òg like gjerne bruke den naturlege logaritmen.

Døme 1

Vi skal løyse likninga

Vi løyser likninga ved å bruke logaritmesetningane:

Døme 2

Anne har plassert 1 000 kroner på ein konto i banken. På 2000-talet kunne renta vere 6,0 prosent per år. Kor lenge må pengane stå i banken før beløpet er fordobla?

Vi finn vekstfaktoren først.

Når ein storleik aukar med prosent, er vekstfaktoren.

Vekstfaktoren blir

Vi kan då setje opp følgjande likning der er tida pengane må stå i banken:

Vi prøver å løyse likninga ved å bruke logaritmesetningane.

Her må vi bruke eit digitalt verktøy, eller ein logaritmetabell, for å få ein tilnærma verdi. I praktiske oppgåver løyser vi derfor eksponentiallikningar i eit CAS-verktøy.

Ved CAS i GeoGebra får vi det tilnærma svaret 11,9 som løysing på likninga.

Pengane må altså stå i omtrent 12 år i banken før beløpet er fordobla.

Vi kan òg løyse likninga grafisk. I koordinatsystemet har vi teikna grafen til funksjonen gitt vedog linjaog løyst likningagrafisk.


Video: //www.youtube.com/user/tomjch, Tom Jarle Christiansen, Tom Jarle Christiansen / CC BY 4.0

Døme 3

Vi går ut frå at innbyggjartalet i Småby veks med 1,5 prosent kvart år. Det bur i dag 13 000 personar i Småby. Kor mange år går det før innbyggjartalet er 15 000?

Vi finn først vekstfaktoren.

Så set vi opp og løyser likningamed CAS i GeoGebra.

Innbyggjartalet vil vere 15 000 om snaue 10 år.

Døme 4

Kari kjøper ein fire år gammal bil for 200 000 kroner. Bilen har sokke i verdi med 10 prosent kvart år sidan han var ny, og Kari reknar med at denne verdireduksjonen vil halde fram dei neste åra.

Når ein verdi minkar med prosent, er vekstfaktoren.

Vekstfaktoren blir

Verdien av bilen, , talet på år etter at Kari kjøpte han, er då gitt ved

Av grafen til kan vi lese at verdien av bilen vil ha sokke til 100 000 kroner etter 6,6 år.

Avlesing på grafen viser òg at verdien av bilen for 4 år sidan, det vil seie når, altså då han var ny, var nærare 305 000 kroner.

Vi skal òg sjå korleis vi kan rekne ut dette med CAS i GeoGebra.

På linje 1 skriv vi inn funksjonen . Så reknar vi ut kor lang tid det går før verdien av bilen har sokke til 100 000 kroner ved å løyse likninga. Vi løyser likninga eksakt med "Løys" først og trykkjer på knappen "tilnærma lik" etterpå for å få svaret i linje 2 som eit enkelt tal.

Til slutt på linje 4 reknar vi ut kor mykje bilen var verd for 4 år sidan.

Vi får det same svaret som vi fann grafisk.

I døme 5 skal vi sjå litt på ei annleis eksponentiallikning.

Døme 5

Vi har her gitt svaret på eksakt form. Det kan ofte vere greitt når vi arbeider med teoretiske problemstillingar.

I praktiske oppgåver som døma 2, 3 og 4, er det vanleg å bruke tilnærmingsverdiar. Utklippet frå CAS i GeoGebra viser korleis vi først løyser likninga eksakt og deretter finn tilnærmingsverdien ved å trykkje på knappen "tilnærma lik", eller skriv $1 på linja under den eksakte løysinga. (Kva betyr det?) Legg merke til at GeoGebra bruker den naturlege logaritmen "ln" i staden for den briggske logaritmen "lg". Det kunne vi òg gjort då vi rekna ut svaret manuelt over.

Oppgåve

Det er to andre forskjellar òg mellom svaret med den manuelle, eksakte utrekninga og det eksakte svaret med CAS. Kva er forskjellane?

Forklaring
  • Rekkjefølgja på ledda i teljar og nemner i brøken er bytt om. Kvifor speler ikkje det noka rolle?
  • I CAS-løysinga er gjort om til . Vis at dei to uttrykka er det same.

Døme 6

Nokre likningar inneheld fleire ledd med potensuttrykk, som til dømes

Kva slags likning er dette, og korleis kan vi løyse denne manuelt?

Vi ser at i likninga inngår både 3 opphøgd i og 3 opphøgd i . Frå potensrekninga veit vi at . Likninga vår kan då skrivast som

Vi kallar no for . Likninga blir då

No ser vi at vi har ei andregradslikning med som den ukjende.

Andregradslikninga har løysinga

Vi byrja med å setje. Når vi no har funne at, må det bety at.

Løysingagir inga meining sidan potensen alltid er positiv.

Løysinga blir

Her kunne vi òg ha oppgitt svaret på eksakt form som.

Metoden her går altså ut på å skifte variabel ved å setje, for å få ei enklare likning. Når vi har løyst denne og funne , må vi gå tilbake og finne . Vanlegvis vil vi løyse slike likningar med CAS, men det er viktig å kjenne til denne løysingsteknikken.

Video: Tom Jarle Christiansen, //www.youtube.com/user/tomjch, Tom Jarle Christiansen / CC BY 4.0
Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 01/04/2021