Likningar med brøk
Når vi har brøkar i likningane
Vi skal jobbe med likningar der vi har brøkar med i likningane. Dersom du treng å repetere grunnleggande likningsløysing før du går laus på likningar med brøkar, kan du lese artikkelen "Likningar. Likningar løyst ved rekning".
Likningar med berre tal i nemnaren
Vi vil løyse likninga
For å forenkle likninga finn vi fellesnemnaren og multipliserer med denne i alle ledda:
I denne likninga fann vi fellesnemnaren ved å multiplisere dei to nemnarane vi hadde i utgangspunktet. I det neste dømet må vi tenke litt lenger før vi vel fellesnemnar:
Vi ønsker å finne den minste fellesnemnaren. Vi startar med å faktorisere den første av dei tre nemnarane og får . Vi ser at den andre nemnaren er faktor i den første. Den tredje nemnaren er . Vi legg merke til at den eine faktoren her, 2, òg er faktor i 4, mens 3 ikkje er faktor. Det betyr at den minste fellesnemnaren er .
Likningar med den ukjende i nemnaren
Når vi skal løyse likningar med den ukjende i nemnaren, går vi fram på same måte som i døma over: Vi finn den minste fellesnemnaren og bruker han til å kvitte oss med brøkane.
Vi ser at den første nemnaren, x, er faktor i den andre, så fellesnemnaren blir . Vi multipliserer med fellesnemnaren:
I den neste likninga møter vi på eit fenomen som er viktig å merke seg. Det er nemleg ikkje alltid vi kan stole på den løysinga vi kjem fram til, når vi har den ukjende under brøkstreken!
Vi ser at dei to første nemnarane er faktor i den siste nemnaren, så fellesnemnaren blir :
🤔 Tenk over: Kva er problemet med den løysinga vi har fått?