Kor mange brusflasker får du for 200 kroner når kvar flaske kostar 35 kroner? Denne og liknande oppgåver kan du arbeide med på denne sida. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
a) Ein tomme svarer til 2,54 cm. Kor mange tommar går det på ein meter?
Løysing
Først må vi gjere om 1 m til 100 cm. Så må vi finne ut kva tal vi må multiplisere 2,54 med for å få 100. Då deler vi tala på kvarandre.
Det går 39,4 tommar på ein meter. (Legg merke til at her skal vi ta med desimalar sidan vi ikkje kan tolke oppgåva til å spørje om talet på heile tommar.)
b) Du skal fylle ein liten vasstank som har volum på 8 L. Du har berre eit desilitermål på 5 dL å fylle med. Kor mange gonger må du fylle dette desilitermålet for å fylle tanken?
Løysing
Først må vi anten gjere om 8 L til dL eller 5 dL til liter. Vi vel det første:
Så deler vi tala på kvarandre.
Du må fylle desilitermålet 16 gonger for å fylle vasstanken.
c) Ole strikkar genserar. Det går vanlegvis omtrent 10 garnnøste per genser. Han har 44 garnnøste på lager. Kor mange genserar blir det av det?
Løysing
Det blir 4 genserar av 44 garnnøste.
d) Chris trener på friidrettsbanen. Hen spring med ein fart på 5 . Kor lang tid bruker hen på ein runde? Ein friidrettsbane er 400 m lang inst.
Løysing
Når farten er 5 , spring hen 5 m kvart sekund. Vi må då finne ut kva vi skal multiplisere 5 med for å få 400.
Chris bruker 1 minutt og 20 sekund på ein runde.
e) Lag ei oppgåve sjølv tilsvarande dei andre oppgåvene. Oppgåva skal dreie seg om bøker som skal setjast i ei bokhylle. Bokhylla er 80 cm brei, og kvar bok er 1,5 cm tjukk. Kva er det som er aktuelt å rekne ut her? Skriv først den oppgåveteksten som ber deg om å rekne ut akkurat dette, og løys oppgåva.
Løysing
Her må du klare deg utan løysingsforslag. Svaret på oppgåva skal vere 53 bøker.
f) Ein tilhengar kan ta ein nyttelast på 1 500 kg. Mathias skal bruke tilhengaren og frakte 50 betongelement som kvar veg 105 kg. Kor mange turar må Mathias ta?
Tips til oppgåva
Finn først ut kor mange betongelement tilhengaren kan ta.
Løysing
Først må Mathias finne ut kor mange betongelement tilhengaren kan ta. Då må han finne kva vi skal multiplisere 105 kg per element med for at det skal bli 1 500 kg.
Mathias kan køyre 14 element per tur på det meste. (Vi går ut frå at vi ikkje kan dele elementa.)
Han har 50 element og kan køyre 14 av dei per gong. For å finne ut kor mange gonger han må køyre, må han finne ut kva han må multiplisere 14 med for at det skal bli 50.
Det betyr at Mathias må køyre 4 turar for å få frakta alle betongelementa.