Tekstil

Tekstilfiber
Tekstilfibrar kan delast inn i to hovudgrupper: naturfiber og kunstfiber.
Naturfiber
Naturfibrar finst i fiberform i naturen. Vi kan dele dei i to grupper:
- Animalske fibrar
- er fibrar som kjem frå dyr. Døme: silke og ull.
- Vegetabliske fibrar
- er fibrar som kjem frå plantar. Døme: bomull, lin og hamp.
Kunstfiber
Kunstfibrar er kunstig framstilte. Desse kan vi igjen dele i to grupper:
- Cellulosefibrar
- Cellulose finst naturleg i plantar, men cellulosen blir omarbeidd kjemisk når ein skal framstille fibrar. Cellulose frå tre blir brukt i viskose og i modal.
- Syntetiske fibrar
- er ei samlenemning for fibrar som blir framstilte syntetisk med råolje som viktigaste råstoff. Døme: polyester, polyamid, akryl, elastan og mikrofiber.

Materilallære
Ei av dei store oppfinningane til menneska er å lage tråd av fiber og bruke trådane til å skape tekstilar. Vi skal sjå på eigenskapane til bomull og ull, som er laga av naturfibrar, og på eigenskapane til syntetiske stoff.
Bomull
Bomull kjem frå dei fine, tynne frøhåra på bomullsplanten. Bomullen er mjuk og lett, men samtidig er han slitesterk i bruk og vask. Desse eigenskapane gjer at bomullsplagg framleis er svært populære.
Bomullsfiberen har gode spinneeigenskapar. Fibrane kan spinnast til både tynt og tjukt garn. Desse kan så strikkast eller vevast på forskjellige måtar og bli til tynt undertøy, lette sommarklede eller tjukke, flossete plagg.
Sjølve bomullsfiberen er bygd opp av plantestoffet cellulose. Under den glatte overflata er det mange lag med små kapillærkanalar imellom og innarst ein hol kjerne. Bomull kan ikkje ladast opp elektrostatisk. Den er derimot lett å tenne på, omtrent som papir.

Den gode fuktabsorberande evna til bomullen gjer kleda komfortable og hudvennlege. Fibrane kan innehalde inntil 20 prosent fukt utan å kjennast fuktige. Dei tek raskt opp sveitte og fukt og kan halde på 65 prosent av vekta si utan å dryppe. Fukta trenger inn i sjølve fiberen og i holromma og blir transportert bort frå hud i kapillærgangane.
Moderne strikkemåtar er også avgjerande for å transportere fukt bort frå huda for at ho kan fordampe til lufta. Ribbestrikka stoff og dobbeltsidig interlock medverkar til god fukttransport.

Ull
Ull er hår frå sau (eller andre dyr) og består av protein. Fibrane har ei ujevn og ru overflate med små skjellceller som ligg som takstein. Ullfibrane er bølgete og elastiske. Det vil seie at fibrane toler å bli bøygde og strekte, men dei vil tilbake til den bølgete forma dei hadde. Bølgeformene gir plass til luft i mellomromma. Lufta held på varmen, sjølv om ulla blir våt.
I tillegg til å vere luftige, transporterer ullplagg fukt bort frå huda. Desse eigenskapane gjer at ein råder folk til å bruke ullplagg til friluftsliv.
Lammeull og merinoull er mjuke, mens grovare ull kan føre til mekanisk hudirritasjon. Lanolin i ull er ei mogeleg årsak til allergisk reaksjon.
Ull er det einaste naturfibermaterialet som vi kan tove. Det vil seie at vi kan føye det saman, utan å veve eller maske saman tråder. For å tove ubehandla ull treng vi berre vatn, mens til behandla ull treng vi såpe. Ved hjelp av friksjon kan tova ull bli til filt og vadmel. Desse stoffa er varme, vassavstøytande og slitesterke. Ull som du ikkje ønsker å tove, bør du vaske på låg temperatur.

Syntetiske stoff
Syntetiske fibrar blir framstilte syntetisk med råolje som viktigaste råstoff. Kunstige fibrar som polyester og elastan (Lycra) har som regel ei hard overflate, men det er også mogeleg å lage blaute kunstfibrar. PVC blir ofte gjort blautare av ftalat, men ein mistenker desse hormonhermande stoffa for å vere allergiframkallande.
Det finst likevel trygge kunstfibrar, for eksempel mikrofibrar av polyuretan (veldig tynne trådar som blir strikka eller vovne til tekstilar). Vanlege kunstfibrar tek ikkje opp fukt. Mange syntetiske fibrar, som polyester, blir lett lada elektrostatisk. Det kan vere eit miljøproblem at syntetiske fibrar blir brotne veldig sakte ned i naturen og endar opp som mikroplast. Dessutan er olje ein ikkje-fornybar ressurs.


