Tre – fornybart og berekraftig?
Tre bind karbondioksid (CO2)
Hovudbestanddelen i tre, karbon, inngår i naturen sitt eige kretsløp. Når treet veks, tek det opp frå lufta. Dermed vil bli bunde opp i trevirket, både i det levande treet og i produkt vi lagar. Du kan lese meir om dette i artikkelen om fotosyntesen.
Meir bruk av tre vil bidra til å redusere -tilførselen til atmosfæren. Bruk av tre er derfor eit klimavenleg alternativ som byggemateriale.
Når trea blir hogde, vil dei naturleg nok ikkje kunne ta opp meir . Ny skog som blir planta, vil på sikt kompensere for dette. Men det tek mange år før -opptaket frå skogen blir på same nivå igjen.
Miljøsertifisering av tre
Det aller meste av skogbruket i Noreg er underlagt standardar for berekraftig skogbruk. I desse standardane blir det mellom anna stilt krav til å gjennomføre miljøregistrering, rydde bekkar for hogstavfall og reparere køyreskadar i terrenget. Skogbruket skal ta omsyn til det biologiske mangfaldet.
PEFC (Programme for the Endorsement of Forest Certification schemes)

Dette er ei internasjonal merkeordning for tre- og papirprodukt som skal sikre berekraftig skogbruk. Det blir stilt ei rekkje krav til korleis hogsten blir gjennomført, for å kunne få bruke dette merket, mellom anna at ein skal
- kartleggje økologisk viktige område (nøkkelbiotopar)
- ta omsyn til spelplassar for storfugl og orrfugl
- setje att nokre store tre, tre langs bekker og nokre døde tre
I tillegg blir det stilt ei rekkje krav til korleis skogen skal skjøttast før han blir hogd.
FSC – Forest Stewardship Council

FSC er ei merkeordning som omfattar alle ledd i verdikjeda: skog, produsentar og ferdige produkt. For å kunne bruke dette merket blir det mellom anna stilt krav om å ikkje bruke tømmer frå
- ulovleg hogst
- skogar med høg verneverdi
- genmodifiserte tre
- produsentar som ikkje rettar seg etter "tradisjonelle rettar og borgarrettar"
Relatert innhald
Skogen er ein fornybar ressurs. Skogdrifta må vere berekraftig, og skogbrukaren må kjenne økologien til skogen og ta vare på miljøet.