Taksidermist - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Taksidermist

Taksidermistar jobbar med utstopping og preparering av dyr. Dei kan mykje om anatomien og fysiologien til dyra og har ei viktig samfunnsoppgåve i å sikre biologisk materiale, slik at det blir bevart for ettertida.

Taksidermisten konserverer dyr og presenterer dei i eit naturleg miljø. Arbeidet går ut på å flå og behandle skinn, byggje opp ein kunstig kropp og trekkje skinnet på for å attskape dyret. Auga blir gjerne laga av glas eller plast.

For å få til eit naturleg uttrykk må du ha kunnskap om anatomien til dyra. Du bør òg kjenne levemåten til dyra for å plassere det utstoppa dyret inn i eit naturleg miljø.

Dyra som blir stoppa ut, blir brukte til utstillingar, som dekorasjonar, jaktrofé og læremiddel i skulen.

Eigenskapar

Som taksidermist må du ha evna til å observere detaljar, vere kreativ og ha god formsans. Det er òg viktig å meistre modellering, måle- og prepareringsteknikkar, og dessutan kunne ulike utstillingsteknikkar. Tolmod og nøyaktigheit er svært viktig som taksidermist.

Utdanning

Fleire fag innan tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Taksidermist er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er taksidermist.

Relatert innhald

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021