Sageteknikk - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Sageteknikk

Saging er ein av grunnteknikkane i gullsmedfaget. Her får du ei innføring i ulike sageteknikkar, og korleis du kan overføre mønster til metallet.
Video: Morten Andreassen / Avgrensa bruksrett

Verktøy

Sagboge

Gullsmedar bruker ulike former for bogesager, også kalla ei sagstilling. Bogesagene bruker svært tynne sagblad som blir sette i spenn mellom toppen og botnen av bogen. Bogen gjer det mogleg å sage innover arbeidsstykket.

Verktøyet finst i ulike storleikar. Djupna på bogen varierer frå 50 mm til djupe sagbogar på 300–400 mm. Når du skal sage ei stor plate, bør det vere plass til plata du skal jobbe med inni bogen. Vel derfor ei sagboge som er stor nok til at du kan styre saga som du vil.

Sagblad

Sagblada gullsmeden bruker, blir gradert 2/0, 3/0 og opp til 6/0, der 2/0 er det grovaste og 6/0 er finast.

Når du skal sage tynne plater, bør du velje eit tynt sagblad. Som regel må det kunne vere to tenner på tjukna til materialet. Då unngår du at plata hektar seg fast mellom tennene på sagbladet. Det er òg tilrådd å bruke eit tynt sagblad når du skal sage røyr.

Når du spenner opp bladet, skal tennene peike mot skaftet. (Ein hugseregel kan vere: "tennene mot hendene".) Då vil saga ta i nedover draget. For å få bladet tilstrekkeleg stramt, pressar du sagbogen litt saman når du spenner bladet på plass.

Sagfjøl

Ei sagfjøl er eit brett med spor, der du kan leggje emnet du skal sage. Du kan bruke ein enkel plankebit og feste ho med ei skrutvinge på arbeidsbenken. Uansett kva linjer eller former du skal sage, er det viktig å få støtte til gjenstanden du sagar.

Teknikk

  • Hald alltid saga vertikalt.
  • Ikkje legg press på saga. La sagbladet få jobbe seg gjennom materialet.
  • Ved saging av bogar, roterer du arbeidet, medan saga skal peike rett fram.

Nøyaktig saging har ei økonomisk side. Saging går raskare enn å file. Du sparer tid og kan bruke små restbitar av metallet til andre prosjekt, eller du kan støype restane om til nye emne.

Skrive av Pål Atle Lystad, Geo von Krogh og Øystein Johan Østby. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 03.02.2021