Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Læringssti

Grunnleggjande komposisjonsprinsipp innan foto

Laga av Christina Listanco Einmo.
Sist oppdatert 30.08.2021
Oppgåve
Interaktivt innhald

Samanlikn biletkomposisjon

Kva komposisjon er best? Diskuter med medelevar og argumenter for synspunkta dykkar.

Oppgåve 1

Sjå på desse to bileta av eit brudepar i skogen.

  • Kva komposisjon synest du er best?
  • Diskuter svaret med ein medelev. Bruk dei omgrepa de har lært om komposisjon til å begrunne synspunkta.

Oppgåve 2

Når vi legg eit rutenett på dette biletet, ser vi at komposisjonen er noko utydeleg. Fotografen har prøvd å ta med for mange element, og dei kranglar om merksemda vår.

  • Kva er hovudmotivet? Fossen, elva, det grøne, tomme området midt på biletet, eller horisonten?

  • Det som er lyst i eit bilete, trekkjer gjerne til seg blikket vårt. Korleis kan ein forenkle dette biletet for å framheve fossen?

  • Kva er det som distraherer i biletet, og som bør eliminerast?

Oppgåve 3

Sjå på dei nye komposisjonane under og diskuter med medelev:

  • Kva komposisjon er best av utsnitt 1 og 2?
  • Hugs å begrunne svaret dykkar.
Skrive av Christina Listanco Einmo.
Sist oppdatert 08.11.2024