Glasblåsar - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Glasblåsar

Ein glasblåsar skaper bruks-, pryd- og kunstglas ved å omarbeide varmt glas. Handverket fører vidare kunnskap om gamle teknikkar, samtidig som produkta blir tilpassa vår eiga tid.
Martin Johansson jobbar ved Hadeland glassverk. Han fortel om kva eigenskapar glas har som materiale og gir oss eit innblikk i korleis det er å jobbe som glasblåsar. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Glas er sand og andre råstoff som er smelta til ein elastisk masse som blir forma til ulike produkt.

Glasblåsarar produserer vinglas, tumblerglas og kunstglas. I denne prosessen utarbeider dei arbeidsteikningar og skisser. Dei kan teikne og måle motiv og ornament på frihand og med sjablongar for å dekorere glaset. I tillegg bruker dei teknikkar innan gravering, etsing og sandblåsing.

Stine Hoff har drive glasblåsarverkstad sidan 1992. I filmen frå 2010 viser ho korleis ho utfører handverket saman med lærlingane sine. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Eigenskapar

Som glasblåsar må du ha forståing for form, estetikk og farge knytt til glasprodukt. Du må òg ha kunnskapar om nye og tidlegare produksjonsmetodar, materiale, verktøy og dessutan teknikkar som gjeld varm og kald omarbeiding av glas.

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga kallast særløp. Glasblåsar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er glasblåsar.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021