Skomakar
Film: Yrke: skomakar
I filmen under (lengde 7:33) får vi bli med inn på verkstaden til ein skomakar og sjå korleis ho jobbar.

Skomakarar jobbar både med nyproduksjon og med reparasjon og tilpassing av sko. Dei kan jobbe på skomakarverkstad, på ortopediske verkstader eller i skoindustrien.
Som skomakar må du meistre tradisjonelle og nye saum- og formingsteknikkar. I arbeidet bruker du både handverktøy og maskiner til å slipe, frese, pusse og sy med. Kunnskapar om skinn og lêr, lim og kjemikaliar er nødvendig.
Eigenskapar
Som skomakar bør du ha godt handlag og evna til å sjå praktiske løysingar. Du må ha god formsans og forståing for anatomien til foten. I møte med kundar bør du vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.

Utdanning
Utdanninga for å bli skomakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i skomakarfaget kan du ta sveinebrev.
