Skatt

Skattetrekk av lønnsinntekter
Skatteetaten skriv ut skattekort til arbeidstakarar, og her kjem det fram kor mykje av lønna til den tilsette som skal trekkast i skatt. Arbeidsgivaren hentar skattekortet elektronisk frå Skatteetaten.
Arbeidsgivaren bereknar først samla lønn, som òg blir kalla bruttolønn. Bruttolønn minus skatt kallar vi nettolønn, og det er dette beløpet du får utbetalt.
Arbeidsgivaren har plikt til å ta vare på det trekte skattebeløpet, anten på ein eigen skattetrekkskonto eller ved hjelp av ein bankgaranti. Det er bedrifta sitt ansvar å innbetale skatten til myndigheitene på vegner av dei tilsette. Dette blir gjort seks gonger i året, det vil seie at kvar skattetermin er på to månader.
Skattemyndigheitene skriv ut tre hovudtypar skattekort: frikort, prosentkort og tabellkort.
Film: Skatteetatens beste tips for å unngå skattesmell
For å sikre at skattetrekket blir rett, bør du logge deg inn og sjekke opplysningane i skattekortet ditt. Skatteetaten veit mykje om økonomien din, men det er du som kjenner din eigen kvardag best. Finn du feil, eller viss inntekta endrar seg, er det lurt å oppdatere skattekortet med ein gong.
I filmen nedanfor (lengde 01:05) får du Skatteetaten sitt beste tips for å unngå skattesmell.
Frikort
Eit frikort betyr at du slepp å betale skatt om du tener under ei viss grense i løpet av eit år. Skatteetaten opprettar frikortet automatisk frå og med det året du fyller 13 år, så det er ikkje nødvendig å søke.
Tener du meir enn frikortgrensa, må du bestille eit vanleg skattekort – elles må arbeidsgivaren din trekke 50 prosent skatt av det du tener for mykje.
Undersøk
Gå inn på nettsidene til Skatteetaten og sjekk kor mykje du kan tene utan å betale skatt når du har frikort.
Prosentkort
Med skattekort med prosenttrekk trekker arbeidsgivar ein fast prosent i skatt av kvar utbetaling. Det passar best for dei som har fleire arbeidsgivarar, variert inntekt, kombinerer lønn og pensjon eller har store frådrag.
Endrar økonomien seg, bør du oppdatere skattekortet på Skatteetaten sine nettsider for å unngå restskatt.
På skattekortet står det oppgitt ein prosentsats som viser kor stor del av lønna di arbeidsgivaren skal trekke i skatt.
Film: Prosentkort
I filmen nedanfor (lengde 00:39) får du ei kort forklaring på kva eit prosentkort er.
Tabellkort
Tabelltrekk passar best for deg med éin fast arbeidsgivar. Arbeidsgivaren trekker skatt basert på eit tabellnummer, som justerer skattetrekket automatisk dersom lønna di endrar seg i løpet av året.
Berre éin arbeidsgivar kan bruke tabelltrekket om gongen. Dersom du har fleire jobbar, må dei andre trekke skatt etter ein fast prosentsats. Sjekk at opplysningane og frådraga i skattekortet stemmer for å unngå restskatt, uavhengig av kva tabellnummer du har fått.
Film: Tabellkort
I filmen nedanfor (lengde 01:03) får du ei kort forklaring på kva eit tabellkort er.
Kor mykje skatt skal du betale i eit kalenderår?
Kor mykje du skal betale i skatt i løpet av eit år, er avhengig av dei samla årsinntektene og frådraga dine dette året, ikkje av kva du har innbetalt på førehand. Det er derfor først etter at året er slutt, at den nøyaktige skatten blir berekna.
Du har kanskje høyrd folk seie at det er halv skatt i desember og skattefritt i juni. Så enkelt er det nok ikkje. Dette er berre ei ordning for forskotstrekket: Du blir trekt litt meir skatt resten av året for at du skal få utbetalt meir pengar til sommarferien og før jul.
Skattemeldinga
Gjennom skattemeldinga blir dei samla inntektene og frådraga dine rapporterte frå det førre året. I praksis rapporterer arbeidsgivarar og bankar det meste automatisk til Skatteetaten, men det er ditt ansvar å sjekke at alt er rett.
Det skilst mellom to hovudtypar inntekter:
- personinntekt
- arbeidsinntekt (lønn, honorar) og pensjonsytingar før frådrag
- kapitalinntekt
- inntekter frå formue og eigedelar, til dømes renteinntekter, leigeinntekter eller aksjeutbytte
Alminneleg inntekt
Alminneleg inntekt er den samla bruttoinntekta di minus alle frådrag du har rett på.
Bruttoinntekta er summen av personinntekt og kapitalinntekt. Frådraga du trekker frå, er til dømes minstefrådrag, renter på lån, fagforeiningskontingent og reisefrådrag.
Skatteberekninga
Når året er ferdig, reknar Skatteetaten ut nøyaktig kva du skal betale i skatt. Gjennom året er det arbeidsgivaren din som trekker skatt frå lønna di, basert på skattekortet ditt.
Skatten blir rekna ut frå to typar inntekter: alminneleg inntekt og personinntekt. Noko av skatten har ein fast prosentsats, mens andre delar aukar dersom du tener mykje. Skatteoppgjeret viser om du har betalt rett skatt, har pengar til gode eller må betale restskatt.
Undersøk
Gå inn på artikkelen "Skatter og avgifter" på regjeringa.no og finn ut kva skattesatsane er for i år.
Du kan òg berekne skatten din med hjelp frå "Skattekalkulatoren" på skatteetaten.no.