Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Redesign av klede

Undersøk kva du har i garderoben din. Kva materiale er kleda dine laga av? Kan du oppdatere plagg du ikkje bruker? Vel eitt eller fleire plagg du vil redesigne. La deg inspirere av Jenny Skavlan og elevar frå Edvard Munch videregående skole: Sy om og lag klede som ikkje "alle andre" har.

Film: Avkledd

I denne filmen (lengde 26:48) finn Jenny Skavlan og elevar frå Edvard Munch vgs. brukte klede og redesignar dei til kjendisane på P3Gull. Planen er å få kjendisane til å gå med brukte klede på den raude løparen og gjere han grøn.

Diskuter i klassen

Ifølgje FN er tekstilindustrien verdas nest mest forureinande industri, etter oljeindustrien. Diskuter korleis vi kan påverke kledeproduksjon til å bli meir berekraftig.

Del 1: Undersøk eigen garderobe

Kartlegg kva materiale dine eigne klede er laga av. Tenk over om dette er medvitne val, eller om det er tilfeldig. Kva påverkar deg når du vel klede?

Del 2: Lag eit nytt plagg av klede du har frå før

Finn du klede du ikkje bruker? Kan desse få eit nytt design? La deg inspirere av Jenny Skavlan og elevar frå Edvard Munch videregående skole. Kan du òg skape eit nytt plagg av noko du har frå før?

Idéutvikling og eksperimentering

  • Ta bilete av plagget du vil redesigne, slik at du kan vise korleis det såg ut før du starta redesign-prosessen. Bestem om du vil lage klede til deg sjølv eller til nokon andre.
  • Lag raske idéskisser til korleis du kan endre plagget til å passe deg (eller nokon andre) i form og uttrykk.
  • Bruk gjerne nåler til å prøve ut korleis du kan lage innsnitt eller leggje opp plagget. Viss du har tilgang til ei byste, kan du forme plagget på ho.
  • Finn materiale du vil supplere med.
  • Prøv ut ulike teknikkar du kan bruke til å oppgradere plagget ditt.

Planlegging og gjennomføring

Planlegg det ferdige plagget, set deg inn i det saumtekniske og saum plagget.

Presentasjon

Ta bilete av det ferdige produktet. Plasser plagget og modellen inn i omgivnader som passar til uttrykket på kleda.

Bli samde i klassen om de vil lage ei utstilling som viser plagga før og etter redesign, eller om de vil arrangere ein catwalk.

Innlevering

  • foto av plagget før og etter redesign
  • idéskisser og utprøvingar
  • eigenvurdering av det ferdige produktet og arbeidsprosessen din

Film: Artistar med redesign på grøn løpar

I denne filmen (lengde 28:50) ser du korleis kjendisane reagerte på redesignet til Jenny Skavlan og elevane frå Edvard Munch videregående, og korleis dei "grøne antrekka" slo an på P3Gull.

Kjelde

Dory, K. (2018, 20. juni). Why fast fashion needs to slow down. Henta 22. september 2020 frå https://www.unenvironment.org/news-and-stories/blogpost/why-fast-fashion-needs-slow-down

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist oppdatert 12.08.2026