Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Foto

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Objektiv, brennvidde og lysstyrke

Eit kamera er eigentleg ein mørk boks som slepper inn lys. Moderne fotoapparat er utstyrte med objektiv. Eit objektiv samlar lyset frå eit motiv og gir skarpe og lyssterke bilete. Objektiv kan vere ulike med omsyn til brennvidde og lysstyrke.

Lys skaper bilete

Ordet kamera kjem av "mørkt kammer", og det er nettopp slik eit kamera fungerer. Det er ein lystett, mørk boks som berre slepper inn lys når du trykker på utløysarknappen. Lyset skaper så eit bilete på den analoge filmen eller den digitale biletbrikka.

Det aller første kameraet som vart teke i bruk, camera obscura, fanga lyset gjennom eit lite hol i ein boks. Lyset frå motivet vart projisert opp ned på motsett vegg og snudd ved hjelp av ein spegel. Eit holkamera (eng. "pinhole camera") er den aller enklaste forma for kamera ein kan tenke seg. Det er rett og slett ein boks med eit lite hol (nålehol) som lyset kjem inn gjennom.

Film: Korleis lage eit holkamera

I dette filmklippet (lengde 1:51) viser fotograf Tom Knudsen korleis du med enkle middel kan lage eit holkamera. Prøv dette i klasserommet!

Video: Tom Knudsen, Jone Nikolai Nyborg / CC BY-SA 4.0

Objektivet

Bilete oppstår når ein film eller ei biletbrikke blir for lys. Eit objektiv er eit røyr som består av linser og/eller spegel som er utforma slik at lysstrålane frå eit motiv blir samla og fokusert på biletsensoren som sit bakarst i kameraet. Motivet blir då fanga opp opp ned. Hovudoppgåva til objektivet er å samle lysstrålar og fokusere dei på filmen eller biletbrikka.

Brennvidde

Brennvidda er avstanden mellom det punktet i objektivet der lyset blir samla, og biletsensoren. Denne avstanden blir målt i millimeter og er angitt på dei ulike objektiva. Mindre brennvidde betyr mindre behov for zoom eller større biletvinkel.

Objektiva blir derfor delte inn i tre hovudgrupper etter kor stor brennvidde dei har.

Eit vidvinkelobjektiv har brennvidde på mellom 14 og 35 mm. Det er eit objektiv med lita brennvidde som gir eit breiare synsfelt enn auga våre. Objektiv med endå mindre brennvidde enn 17 mm blir ofte kalla ultravidvinkel eller "fisheye".

Eit normalobjektiv har ei brennvidde på mellom 35 og 50 mm. Det svarer omtrent til det same synsfeltet som auga våre.

Eit teleobjektiv har ei brennvidde frå 50 mm og oppover. Det fungerer omtrent som ein kikkert. Brennvidda er stor, gjerne 200–300 mm og oppover, og det betyr stor avstand mellom punktet der lyset blir brote, og biletbrikka. Objektiva er derfor ofte store og tunge. Kor stor brennvidde eit objektiv har, avgjer dermed kor mykje av motivet som kjem med på biletet.

Prøv sjølv

  • Lag ein kikkert med handa di og ha ho heilt inn til auget. Legg merke til kor mykje av rommet du får med.

  • Flytt så "kikkerten" din lenger bort frå auget mens du ser gjennom han. Kva får du med i biletet no? Meir eller mindre av rommet?

Det du erfarer no, hjelper deg til å forstå korleis objektiv med ulik brennvidde fungerer. Biletvinkelen blir mindre desto større brennvidde det er på objektivet. Eit vidvinkelobjektiv på 24 mm (handa nært auget) vil derfor ha ein mykje større biletvinkel enn eit teleobjektiv på 300 mm (handa langt bort frå auget).

Faste objektiv og zoomobjektiv

Nokre objektiv har berre éi brennvidde, desse blir kalla faste objektiv. Andre objektiv har fleire brennvidder. Dei blir kalla zoomobjektiv. Eit zoomobjektiv gir deg høve til å komme nærare eit motiv utan at du treng å flytte deg. Når du bruker eit fast objektiv, må du bruke beina som "zoom" og gå tettare på. Fordelen med faste objektiv er at dei ofte har større lysstyrke og gir skarpare bilete enn zoomobjektiv.

Lysstyrke

Ein annan faktor som skil objektiva frå kvarandre, er lysstyrke. Nokre objektiv slepper inn meir lys enn andre, dei har større lysstyrke. Slike objektiv eignar seg godt når lysforholda er dårlege og det er vanskeleg å legge til meir lys. Bruker du eit objektiv med høg lysstyrke, slepp du å bruke ei høg ISO-innstilling.

Den største blendaropninga på eit objektiv med høg lysstyrke kan til dømes vere f1.2, mens den største blendaropninga på eit anna objektiv berre er f4.0. For å finne ut kor lyssterkt objektivet ditt er, kan du sjekke informasjonen som står rundt glaset, øvst på objektivet. Der finn du brennvidde angitt i mm og lysstyrken angitt til dømes som 1:1.2. Av og til vil det òg stå f framfor talverdien på den største blendaropninga.

Bruksområde for ulike objektiv

Ulike typar objektiv har ulike bruksområde, men kva brennvidde du ønsker å bruke, er opp til deg. Bruksområda nedanfor er rettleiande og ikkje absolutte.

Eit vidvinkelobjektiv har eit større utsnitt enn menneskeauget og eignar seg derfor godt til til dømes landskapsfotografering og interiørfotografering.

Eit normalobjektiv har eit biletutsnitt tilnærma likt det du kan sjå med auget ditt. Mange reportasjebilete og bilete i tallause familiealbum er tekne med eit slikt objektiv.

Eit teleobjektiv verkar som ein kikkert, og du kan ta nærbilete av menneske eller gjenstandar som er langt unna. Teleobjektiv eignar seg derfor godt til sportsfotografering og portrettfotografering og er førstevalet til paparazzofotografen.

Kva kan du no om objektiv og brennvidde?

Kjelde

London, B., Stone, J. & Upton, J. (2007). Photography (9. utg.). Pearson Prentice Hall.

Skrive av Christina Listanco Einmo og Tom Knudsen.
Sist oppdatert 03.12.2024