Kostymesyar
Film: Yrke: kostymesyar
Kostymesyar Eli Vognhild Sandlund jobbar på Operaen. I denne filmen (lengde 6:57) fortel ho om arbeidet sitt der. Du får òg høyre om kva utdanning du må ta for å bli kostymesyar.
Som kostymesyar produserer du nye kostyme og forandrar og held ved like klede og eksisterande kostyme. Du jobbar med saum og andre teknikkar på ulike materiale. Kostyma skal fungere saman med hattar, sko eller anna tilbehøyr, så du må tenkje heilskap i arbeidet.


Eigenskapar
Du bør vere kreativ og systematisk, ha estetisk medvit og sans for form og farge. I arbeidet treng du kunnskap om særtrekka til kostyme ut frå tidsepoke, snitt, silhuett og materiale. Du må kunne kommunisere godt med designar, kunstnariske aktørar og andre kollegaer.
Film: Kostymedesign
Som kostymesyar samarbeider du tett med kostymedesignaren. I denne filmen (lengde 7:06) møter du Alva Brosten som jobbar som kostymedesignar ved Nationaltheatret.
Utdanning
Utdanninga for å bli kostymesyar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i kostymesyarfaget kan du ta sveinebrev.
