Gullsmed
Film om gullsmedyrket
I filmen under (lengde 7:41) blir vi med inn på verkstaden til ein gullsmed og får sjå korleis ho lagar øyrepynt.
Teknikkar og materiale
Gullsmedar bruker ulike teknikkar for å framstille smykke, uavhengig om materialet er gull, sølv eller uedle metall. Teikning er eit viktig verktøy i produktutvikling.


Som gullsmed må du vere nøyaktig, tolmodig og ha sans for estetikk. Påskjøninga er at du får boltre deg i vakre materiale og former, og kan skape flotte gjenstandar som folk vil ha glede av i generasjonar.
Utdanning
Etter vg1 handverk, design og produktutvikling eller vg1 teknologi- og industrifag kan du ta vg2 gull- og sølvsmedhandverk på skule. Deretter kan du velje to år spesialisering i gullsmedfaget. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.
Relatert innhald
Gull- og sølvsmedar designar og lagar eller reparerer smykke og andre gjenstandar i edelt metall.
Ein sølvsmed designar, produserer og restaurerer sølvgjenstandar som lysestakar, krus, fat og sølvkanner.