Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Logaritmelikningar

Logaritmelikningar er likningar som inneheld logaritmen til den ukjende. I slike likningar må vi ofte bruke dei tre logaritmesetningane både "framlengs" og "baklengs". Etter kvart finn vi ein verdi for logaritmen til den ukjende eller ein funksjon av den ukjende.

Korleis løyser vi lgx = 2?

Om vi finn at lgx=2, og oppgåva vår er å finne x, utnyttar vi det faktumet at viss to uttrykk er like, så er 10 opphøgd i uttrykka òg like. Vidare bruker vi definisjonen på logaritmar for å finne den ukjende.

Vi må alltid hugse at vi berre kan finne logaritmar til positive tal. Samtidig kan sjølve logaritmen til eit tal vere negativ fordi alle tal mellom 0 og 1 har negativ logaritme.

Døme 1

Vi skal løyse likninga

lgx=2

Vi slår først fast at x må vere større enn 0. Vi set 10 opphøgd i det som står på venstre side lik 10 opphøgd i det som står på høgre side.

10lgx=102

Vi bruker definisjonen på logaritmar og forenklar venstre side. Resultatet blir

x=100

Vi kontrollerer at løysinga kan brukast, og det kan den sida 100 er større enn 0.

Døme 2

Vi skal løyse likninga

lgx2+2lgx-2=0

Vi slår fast at x må vere større enn 0 på grunn av logaritmeuttrykket i det andre leddet (2lgx). Vi bruker tredje logaritmesetning på det første leddet og trekker saman og forenklar.

2lgx+2lgx = 24lgx = 2lgx = 24= 12

Så bruker vi først at to tiarpotensar er like, og forenklar venstre side ved hjelp av definisjonen på logaritmar.

10lgx = 10x = 10

Løysinga kan brukast sidan 10 er større enn 0.

Vi kan løyse logaritmelikningar med CAS i GeoGebra på vanleg måte:

Hugs å bruke parentesar når du bruker funksjonane "lg" og "ln" i GeoGebra.

Døme 3

Vi skal løyse likninga

lg(x+2)-lg2=2

På grunn av det første logaritmeuttrykket får vi at x>-2. Vi bruker andre logaritmesetning baklengs og får

lg(x+22)=2

Igjen bruker vi at to tiarpotensar med like eksponentar er like, og definisjonen på logaritmar:

10lg(x+22) = 102x+22 = 100x+2 = 200x = 198

Løysinga kan brukast sidan 198 er større enn -2.

Døme 4

I det siste dømet skal vi løyse likninga

lgx+lgx-1=lg6

Frå det første leddet har vi at x>0. Frå det andre leddet har vi at x>1. Dei moglege løysingane av likninga må derfor oppfylle kravet x>1.

Vi startar med å slå saman dei to første ledda ved å bruke den første logaritmesetninga baklengs. Heile løysinga blir

lgx+lgx-1 = lg6lgxx-1 = lg610lgxx-1 = 10lg6xx-1 = 6x2-x-6 = 0x+2x-3 = 0x = -2      x=3

Sidan vi har kravet x>1, kan vi berre ha løysinga x=3.

Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist oppdatert 27.05.2026