Samanslåing av trigonometriske funksjonar - Matematikk R2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Samanslåing av trigonometriske funksjonar

Kan vi slå saman trigonometriske uttrykk av typen A·sinkx og B·coskx?

Ei utfordrande likning

Vi ønsker å løyse likninga

sinx+3cosx=1

Forklar kvifor vi ikkje kan løyes denne likninga ved å dele på cosx i alle ledda.

Forklaring

Vi prøver å dele på cosx i alle ledda.

sinx+3cosx = 1sinxcosx+3cosxcosx = 1cosx ,   cosx0tanx+3 = 1cosx

Vi kjem ikkje vidare i løysinga sidan vi no har både tanx og cosx i likninga. Denne løysingsmetoden ville ha fungert dersom høgresida av likninga hadde vore 0.

Vi treng ein ny løysingsmetode for denne likninga.

Utforsking av venstre side av likninga

Vi skal utforske venstresida av likninga. Teikn grafen til uttrykket på venstre side. Kva får du, og kva betyr det?

Resultat

Vi set fx=sinx+3cosx og teiknar grafen med GeoGebra.

Vi får at grafen er ei sinuskurve. Det betyr at det må vere mogleg å skrive venstresida av likninga som éin sinusfunksjon. Dersom vi klarer det, endar vi opp med ei enkel likning med berre sinusfunksjonen.

Korleis kan vi finne uttrykket for sinusfunksjonen som er teikna i boksen over, ut ifrå grafen?

Svar

Den generelle sinusfunksjonen kan skrivast som

fx=Asin(kx+φ)+d

Vi kan finne parametrane A, k, φ og d grafisk ved å lese av periode og amplitude og finne likevektslinja og faseforskyvinga.

Finn uttrykket for fx med metoden som er beskriven over.

Løysing


Utgangspunktet er den generelle sinusfunksjonen

fx=Asin(kx+φ)+d

Vi får av grafen at

  • amplituden er 2, som gir A=2

  • likevektslinja er y=0, som gir d=0

  • perioden p er 2π, som gir
    p=2πkk=2πp=2π2π=1

  • faseforskyvinga xf er -π3, som gir 𝜑=-xf·k=--π3·1=π3

Funksjonsuttrykket blir

fx=2sinx+π3

Resultatet må bety at

sinx+3cosx=2sinx+π3

Ei slik omforming blir òg kalla sinusomforming.

Vis at samanhengen over er ein identitet.

Tips

Bruk formelen for sinus til ein sum av vinklar.

Bevis

Vi bruker formelen sinu+v=sinu·cosv+cosu·sinv.

2sinx+π3 = 2sinx·cosπ3+cosx·sinπ3= 2sinx·12+cosx·123= sinx+3cosx

Løysing av likninga

No kan vi løyse den opphavlege likninga.

sinx+3cosx = 12sinx+π3 = 1sinx+π3 = 12x+π3 = π6+k·2π      x+π3 = π-π6+k·2πx = -π6+k·2π      x=π2+k·2π,

der k. På løysingsmengdeform får vi

L={-π6+k·2π, π2+k·2π}, k

Vi får den same løysinga med CAS i GeoGebra.

Omforming til éin sinusfunksjon

Korleis kan vi forme om ein sum av ein sinusfunksjon og ein cosinusfunksjon til éin sinusfunksjon utan å teikne grafen slik vi gjorde over?

Vi ser igjen på den generelle sinusfunksjonen Asinkx+φ med d=0, og vi bruker formelen for sinus til ein sum av vinklar.

Asinkx+φ = Asinkx·cosφ+coskx·sinφ                =Acosφa·sinkx+Asinφb·coskx                =asinkx+bcoskx

Vi får derfor at vi kan forme om ein sum av ein cosinusfunksjon og ein sinusfunksjon med same k dersom

Acosφ=a, og Asinφ=b

Kor mange ukjende storleikar er det i desse to likningane?

Forklaring

Når vi skal gjere denne omforminga, kjenner vi a og b. Vi har derfor to likningar med to ukjende: A og 𝜑.

Dette likningssettet er ikkje det enklaste å løyse for hand med vanlege metodar som innsetjingsmetoden. Vi finn enklast løysinga ved først å utnytte at cos2𝜑+sin2𝜑=1:

a2+b2 = Acosφ2+Asinφ2= A2(cos2φ+sin2φ)= A2·1= A


Då har vi funne A. Vi finn 𝜑 ved å setje opp uttrykket ba.

ba=Asin𝜑Acos𝜑=tan𝜑

Ei tangenslikning har mange løysingar. Vi kan halde oss til første omløp, for vi treng berre éi løysing. Likninga har to løysningar i første omløp, men berre éi av dei kan brukast. Forklaringa på det er:

  • Vi har at A>0 sidan han blir rekna ut frå eit rotuttrykk.

  • Sidan a=Acos𝜑, må derfor cos𝜑 ha det same forteiknet som a.

  • Sidan b=Asin𝜑, må sin𝜑 òg ha det same forteiknet som b.

I kva kvadrant i koordinatsystemet hamnar punktet a,b dersom a<0 og b>0?

Svar

Eit punkt med negativ x-koordinat og positiv y-koordinat hamnar alltid i andre kvadrant.

Figuren viser eit døme der punktet a,b blir liggande i andre kvadrant. Det betyr, som vi skreiv over, at a<0 og b>0. Sidan cos𝜑 skal ha det same forteiknet som a og sin𝜑 det same forteiknet som b, må vinkelen 𝜑 òg ligge i andre kvadrant.

Konklusjonen må bli at vi må velje den vinkelen 𝜑 som ligg i same kvadrant som punktet a,b. Tilsvarande blir det om punktet a,b ligg i nokon av dei andre kvadrantane.

Tangensfunksjonen eksisterer ikkje for alle vinklar. Kvifor skaper ikkje det problem for oss?

Forklaring

tan𝜑 eksisterer ikkje for 𝜑=π2    𝜑=3π2. Då er cos𝜑=0. Det får vi berre dersom a=0, då har vi ingen sinusfunksjon i det opphavlege uttrykket og ikkje noko behov for å slå saman noko.

Løysing på den utfordrande likninga ved rekning

Vi prøver løysingsteknikken på likninga vi studerte øvst på sida. Du bør prøve å løyse likninga på eiga hand før du går vidare.

Likninga vi skal løyse, er

sinx+3cosx=1

Vi må slå saman dei to ledda på venstre side. Her har vi at a=1 og b=3. Då får vi at

A=a2+b2=12+32=1+3=2

og

tan𝜑=ba=31=3

Kva kvadrant skal vinkelen 𝜑 ligge i?

Svar

Sidan både a og b er større enn null, må 𝜑 ligge i første kvadrant.

Vi kjenner igjen 3 som ein av de eksakte trigonometriske verdiane, og vi får at

𝜑=π3

Då kan vi forme om likninga til ei enkel trigonometrisk likning.

sinx+3cosx = 12sinx+π3 = 1

Dette er det same som vi kom fram til grafisk lenger oppe på sida. Resten av framgangsmåten er som ved den grafiske løysinga. Vi får at

L={-π6+k·2π, π2+k·2π}, k

Eit lite spørsmål til slutt: Kvifor kan vi ikkje bruke metoden på denne sida til å slå saman sin2x+3cosx til ein rein sinusfunksjon?

Forklaring

Metoden føreset at sinus- og cosinusfunksjonen har same verdi for parameteren k, som betyr at funksjonane må ha same periode. Prøv å teikne funksjonen fx=sin2x+3cosx i GeoGebra og sjå kva du får!

Nedanfor har vi laga eit interaktivt GeoGebra-ark der du kan dra i glidarane k1 og k2 og regulere verdien for k i dei to funksjonane f og g, som er ein sinus- og ein cosinusfunksjon. Grafen til f er teikna med blått, og grafen til g er teikna med grønt. Summen av funksjonane er funksjonen h som er teikna med raudt.

Start med å setje k1=k2=1. Korleis ser grafen til h ut?

Set deretter k1=2. Korleis ser grafen til h ut?

Prøv med ulike verdiar for k1 og k2. Korleis må dei to parametrane vere for at den raude grafen til summen hx=fx+gx skal bli ei rein sinuskurve? Stemmer påstanden i forklaringsboksen over?

Samanslåing av trigonometriske funksjonar med GeoGebra

GeoGebra kan slå saman trigonometriske funksjonar for oss med kommandoen TrigKombiner().

Vi får det same som vi kom fram til ved rekning for hand over. Det er to argument til kommandoen. Det første argumentet er det uttrykket som skal slåast saman. Det andre argumentet er kva funksjon det skal leggast vekt på under samanslåinga. Prøv kommandoen TrigKombiner(sin(x)+sqrt(3)·cos(x),cos(x)) og sjå kva du får!

Du kan òg bruke GeoGebra til å gå motsett veg med kommandoen TrigUtvid().

Samanfatning av sinusomforminga

Vi kan gjere omforminga

asinkx+bcoskx=Asinkx+φ

Då er

A=a2+b2

og

tanφ=ba

NB: Vi må passe på å velje den vinkelen φ som ligg i same kvadrant som punktet (a, b).

Samanfatning av metodar vi kan bruke ved løysing av samansette trigonometriske likningar

Kan du skrive opp tre framgangsmåtar som kan brukast til å løyse samansette trigonometriske likningar?

Tre framgangsmåtar

Vi kan

  1. forme om cos2x til sin2x eller motsett ved hjelp av einingsformelen

  2. dividere med cosx og sjå om vi får forma om likninga til ei likning med berre tangensfunksjonen

  3. slå saman sinus- og cosinusfunksjonar med metoden vist på denne sida

Film om samanslåing av trigonometriske funksjonar

Video: Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2023