Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Koordinatane til eit punkt. Avstand i planet

Her får du jobbe med oppgåver om punkt og avstandar i planet. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Vi har gitt punktet A4,2 og vektorane AB→=2,4, BC→=2,-1, CD→=-2,-6 og DE→=-6,1.

Finn koordinatane til punkta B, C, D og E.

Løysing

Vi finn posisjonsvektorane til dei ulike punkta:

OB→=OA→+AB→=4,2+2,4=4+2,2+4=6,6OC→=OB→+BC→=6,6+2,-1=6+2,6+-1=8,5OD→=OC→+CD→=8,5+-2,-6=8+-2,5+-6=6,-1OE→=OD→+DE→=6,-1+-6,1=0,0

Vi ser at punkta er B6,6, C8,5, D6,-1 og E0,0.

Oppgåve 2

Vi har gitt punkta A5,3, B6,0 og C11,5.

a) Finn eit punkt P på BC→ slik at AP→⊥BC→.

Løysing

Vi har at BP→=t·BC→ fordi BP→∥BC→.

Vi kan då finne uttrykk for AP→ og BC→ og setje skalarproduktet mellom dei lik 0:

BC→=11-6,5-0=5,5AP→=AB→+BP→=6-5,0-3+t·5,5=1,-3+5t,5t=1+5t,-3+5tBC→·AP→=05,5·1+5t,-3+5t=051+5t+5-3+5t=05+25t-15+25t=050t=10t=1050=15AP→=1+5·15,-3+5·15=2,-2OP→=OA→+AP→=5,3+2,-2=7,1

Dette betyr at P er 7,1.

b) Finn høgda i trekanten ABC frå A.

Løysing

Dette gjer vi ved å finne lengda av AP→.

AP→=22+-22=8

c) Bruk resultatet i b) for å finne arealet til trekanten ABC.

Løysing

BC→=52+52=50AΔ=BC→·AP→2=8·502=4002=202=10

Oppgåve 3

Vi har gitt punktet A2,3 og vektorane AB→=4,1 og AC→=3,-2

a) Finn koordinatane til B og C.

Løysing

OB→=OA→+AB→=2,3+4,1=6,4OC→=OA→+AC→=2,3+3,-2=5,1B6,4C5,1

b) Finn lengda av AB→ og AC→.

Løysing

AB→=42+12=17AC→=32+-22=13

c) Finn vinkelen mellom AB→ og AC→.

Løysing

Vi bruker formelen for skalarproduktet:

AB→·AC→=AB→·AC→·cos∠AB→,AC→cos∠AB→,AC→=4·3+1·-217·13=1017·13∠AB→,AC→≈47,6°

d) Bruk opplysningane i b) og c) til å finne arealet til trekanten ABC.

Løysing

Sidan vi no kjenner to sidelengder og vinkelen mellom dei to sidene, kan vi bruke formelen for areal av trekantar:

T=12·AB→·AC→·sin∠AB→,AB→=12·13·17·sin47,6°=5,48≈5,5

e) Punktet D ligg slik at firkanten ACDB er eit parallellogram. Finn arealet av parallellogrammet.

Løysing

Dette parallellogrammet er dobbelt så stort som trekant ABC (tenk gjennom kvifor!), så arealet er 11.

f) Finn koordinatane til D.

Løysing

D:x,yCD→=x-5,y-1AB→=CD→4,1=x-5,y-14=x-5⇒x=91=y-1⇒y=2D9,2

Oppgåve 4

Vi har gitt punkta A3,2, B9,6 og C2,10.

Finn avstanden frå C til linja gjennom A og B.

Løysing

Vi kallar fotpunktet frå C til linja for P og finn lengda av CP→:

CP→=CA→+AP→=CA→+t·AB→=1,-8+t6,4=1+6t,-8+4tCP→·AB→=01+6t,-8+4t·6,4=061+6t+4-8+4t=06+36t-32+16t=052t=26t=12CP→=1+6·12,-8+4·12=4,-6=42+62=52

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Tove Annette Holter.
Sist oppdatert 05.10.2026