Korleis bestemme den deriverte i eit punkt grafisk - Matematikk R1 - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Fagartikkel

Korleis bestemme den deriverte i eit punkt grafisk

Vi kan finne den deriverte i eit punkt grafisk ved å teikne ein tangent til grafen i punktet.

I artikkelen "Den deriverte" repeterte vi definisjonen av den deriverte. Du finn lenkje nedst på sida.

Når vi jobbar mykje med funksjonsuttrykket til den deriverte, er det lett å gløyme det grunnleggjande, nemleg at den deriverte i eit punkt på funksjonen fortel oss kor bratt funksjonen stig eller søkk i akkurat dette punktet. Den deriverte i eit gitt punkt skal vere eit tal.

Den deriverte kan beskrivast som stigningstalet til tangenten i eit punkt eller momentan vekstfart. Hugs at alle desse tre omgrepa (den deriverte, momentan vekstfart og stigningstalet til tangenten) beskriv det same.

Derfor er det nyttig å jobbe litt med å finne den deriverte grafisk.

Eit døme

Den momentane vekstfarten eller den deriverte til funksjonen f gitt ved fx=x2+2x+3 når til dømes x=0,5, er altså det same som stigningstalet til tangenten til kurva når x=0,5 .

Vi kan finne denne verdien grafisk ved å teikne grafen til f og tangenten til f for x=0,5.

Vi ser at tangenten har stigningstalet 3. Den deriverte til fx når x=0,5 er altså 3.

Vi skriv

f'0,5=3

I GeoGebra kan vi teikne inn tangenten ved å bruke kommandoen "Tangent(,)". I tilfellet vårt skriv vi då Tangent(0.5,f) eller Tangent(A,f). Stigninga finn vi ved hjelp av kommandoen "Stigning()".

🤔 Tenk over: Kva må du gjere dersom du skal finne den deriverte i eit punkt grafisk utan hjelpemiddel?

Utan hjelpemiddel

Vi kan finne den deriverte i et punkt grafisk uten hjelpemidler. Da tegner vi grafen til funksjonen på et papir, tegner tangenten til grafen i det aktuelle punktet og finner stigningstallet til tangenten ved å lese av koordinatene til to punkter på tangenten.

Vi kan finne den deriverte i eit punkt grafisk utan hjelpemiddel. Då teiknar vi grafen til funksjonen på eit papir, teiknar tangenten til grafen i det aktuelle punktet og finn stigningstalet til tangenten ved å lese av koordinatane til to punkt på tangenten.

Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Tove Annette Holter.
Sist fagleg oppdatert 01/29/2025