Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Å uttrykkje ein vektor på fleire måtar

Her kan du jobbe med oppgåver der du får bruk for å uttrykkje vektorar på fleire måtar. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Vi har gitt firkanten ABCD der AB→=DC→.

a) Forklar at ABCD er eit parallellogram.

Løysing

I eit parallellogram er to og to sider parallelle og like lange. Dersom to sider i ein firkant er like lange og parallelle, må òg dei to andre vere det. To like vektorar er både like lange og parallelle, og må dermed (viss dei ikkje ligg på linje) spenne ut eit parallellogram.

Vi set AB→=a→ og AD→=b→.

b) Uttrykk diagonalane AC→ og BD→ ved a→ og b→.

Løysing

AC→=AB→+BC→=AB→+AD→=a→+b→BD→=BA→+AD→=-AB→+AD→=-a→+b→

Diagonalane skjer kvarandre i punktet S.

c) Uttrykk AS→ ved a→ og b→ på to måtar. (Tips: Bruk det du fann i b).)

Løysing

AS→=t·AC→=t·a→+t·b→AS→=AB→+k·BD→=a→+k·-a→+k·b→=1-ka→+k·b→

d) Bruk resultata frå c) til å vise at skjeringspunktet mellom diagonalane i eit parallellogram er midtpunktet på diagonalane.

Løysing

Her må vi vise at AS→=12AC→ og BS→=12BD→, altså at t=k=12:

AS→=AS→t·a→+t·b→=1-ka→+k·b→t=1-k  ∧  t=kt=1-tt=12=k

Oppgåve 2

Vi har ein trekant ABC. Vi set AB→=a→ og AC→=b→.

Punkta D og E ligg slik at AD→=12AC→ og BE→=13BC→. Punktet F er skjeringspunktet mellom linjestykka BD og AE.

a) Uttrykk AE→ og BD→ ved a→ og b→.

Løysing

AE→=AB→+13BC→=AB→+13BA→+AC→=a→+13-a→+b→=23a→+13b→BD→=BA→+12AC→=-a→+12b→

b) Uttrykk AF→ ved a→ og b→. (Tips: Uttrykk AF→ på to måtar.)

Løysing

AF→=t·AE→=23ta→+13tb→AF→=AB→+k·BD→=a→+k·-a→+12b→=1-ka→+12kb→AF→=AF→23ta→+13tb→=1-ka→+12kb→23t=1-k       ∧    13t=12k⇒k=23t23t=1-23t43t=1⇒t=34AF→=34·AE→=23·34a→+13·34b→=12a→+14b→

Vi set no A=-2,0, B=4,0 og C=4,10.

c) Bruk det du har funne i a) og b) til å bestemme koordinatane til D, E og F.

Løysing

a→=AB→=4--2,0=6,0b→=AC→=4--2,10-0=6,10OD→=OA→+AD→=OA→+12AC→=-2,0+126,10=-2+3,0+5=1,5OE→=OA→+AE→=-2,0+23a→+13b→=-2,0+236,0+136,10=-2+4+2,0+0+103=4,103OF→=OA→+AF→=-2,0+12a→+14b→=-2,0+126,0+146,10=-2+3+64,0+0+104=104,104D1,5,E4,103,F104,104

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Tove Annette Holter.
Sist oppdatert 05.10.2026