I klassen til Mary Ann fekk elevane desse karakterane på ein matematikkprøve:
Karakter
Frekvens
1
2
2
8
3
7
4
5
5
7
6
1
Bruk eit rekneark. Legg inn tala for karakterverdiar og frekvens frå frekvenstabellen over, og bruk reknearkformlar til å rekne ut gjennomsnittskarakteren.
Løysing
Nedanfor kan du sjå utrekningane av gjennomsnittet i eit ekte rekneark.
Tabellen viser talet på drepne i trafikken i Noreg i perioden 2001 til 2008.
År
2001
2002
2003
2004
2005
2006
2007
2008
Talet på trafikkdrepne
275
310
280
257
224
242
233
255
a) Kor mange har vorte drepne i trafikken på desse åtte åra?
Løysing
Talet på drepne i perioden 2001 til 2008 er 2 076 personar.
b) Finn det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken i perioden 2001 til 2008.
Løysing
Det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken er
c) Finn medianen.
Løysing
Vi sorterer dei åtte tala på drepne i trafikken i stigande rekkjefølgje:
224, 233, 242, 255, 257, 275, 280, 310
Medianen blir .
d) Gjenta a), b) og c) med nyare tal for talet på drepne i trafikken. Er det grunnlag for å seie at talet på trafikkdrepne har gått ned? Du kan finne tal i statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå ved å gå til tabell 12043 på sida Trafikkulykker med personskade (ssb.no). Vel statistikkvariabelen "Drepte" og dei aktuelle åra du vil ha med. Klikk på "Lagre" til venstre og lagre tabellen som eit Excel-rekneark.