Areal og omkrins av plane figurar - Matematikk 2P - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Areal og omkrins av plane figurar

Kva sidekantar skal vere med i omkrinsen av ein samansett figur? Korleis finn vi arealet av plane figurar?

Tidlegare har du rekna med ulike måleiningar for lengde og areal. Dersom du treng å repetere noko av dette, finn du lenkjer til artiklane nedst på sida.

I overskrifta står det at vi skal rekne med areal og omkrins av plane figurar. Veit du kva ein plan figur er?

Svar

Ein plan figur er ein todimensjonal figur, det vil seie ein figur som kan teiknast på ei plan flate. Kan du teikne figuren på eit ark, er det ein plan figur. I røynda er til dømes ein fotballbane, ei vindaugsflate eller teikning av grunnflata i eit hus plane figurar.

Omkrins av plane figurar

Omkrinsen av ein plan figur kan vi seie er det same som "vegen rundt figuren". Dersom vi har med enkle mangekantar å gjere, summerer vi lengdene til sidekantane.

Vi vil sjå på eit døme med ein samansett figur.

Først tenkjer vi etter kva sider som skal vere med i omkrinsen. Kva er det?

Svar

Vi ser at vi må ha AB, BC, DE, AE og halvsirkelbogen CD.

Vi ser at sidan firkanten ABCD er eit rektangel, må vi ha

ED=AB

og

AE=BD=BF+FD

Vi bruker den rettvinkla trekanten BFC og finn BC ved hjelp av pytagorassetninga:

BC2 = FC2+BF2= 2,02+2,02= 8,0BC = 8,0= 2,822,8

Til slutt må vi finne lengda av sirkelbogen mellom C og D. For å finne lengda til sirkelbogen, treng vi diameteren CD:

CD2 = FC2+DF2= 2,02+1,02= 5,0CD = 5,0= 2,232,2

Lengda av halvsirkelbogen CD blir då

CD = 2,2·π2= 1,1·π= 3,453,5

No finn vi omkrinsen av heile figuren:

OABCDE =AB+BC+CD+DE+AE= 2,0cm+2,8cm+3,5cm+2,0cm+3,0cm= 13,3cm

Areal av plane figurar

Arealet av eit rektangel

I eit rektangel som er 5 cm langt og 3 cm høgt, kan vi få plass til  3·5=15  kvadrat som kvar har eit areal på 1 cm². Det betyr at arealet er på 15 cm².

Vi kan altså finne arealet til eit rektangel ved å multiplisere grunnlinja med høgda. Vi kan òg seie at vi multipliserer lengda med breidda.

Vi får ein formel for arealet til eit rektangel:

A=g·h        

Hugs at sidene må ha den same måleininga når vi skal rekne ut arealet.

Arealet av andre figurar

Vi kan òg lage formlar for arealet av andre figurar.

På figuren kan du samanlikne arealet til rektangelet med grunnlinja g og høgda h med arealet til trekanten med grunnlinja g og høgda h.

Kan du forklare at arealet til rektangelet er dobbelt så stort som arealet til trekanten?

Forklaring

På figuren er høgda i trekanten markert som linja h. Denne linja deler det store rektangelet i to mindre rektangel. Dersom vi ser på eit av desse rektangla, deler ein sidekant i trekanten dette rektangelet i to like store delar. Denne halvdelen er del av trekanten, mens den andre ikkje er det. Det same gjeld for det andre rektangelet. Då må arealet til trekanten vere halvparten av arealet til rektangelet.

Sidan vi kan finne arealet til rektangelet ved å multiplisere grunnlinja med høgda,  A(rektangel)=g·h, er arealet til trekanten

Atrekant=g·h2

Kva med parallellogram, rombe og trapes?

Du kan no ta for deg eit parallellogram, ein rombe og eit trapes og sjå om du kan lage arealformlar for desse figurane på den same måten som for trekantar. Du kan samanlikne formlane dine med formlane i skjemaet nedanfor.

Arealformel for sirkel

Det er ikkje så lett å gjere ein sirkel om til eit rektangel og på den måten finne formelen for arealet. Vi får likevel ei brukbar tilnærming ved metoden vist i figuren.

Vi deler sirkelen inn i like sektorar. Så stiller vi sektorane annankvar opp og ned, slik at sektorane tilnærma blir eit parallellogram med grunnlinje tilnærma lik  2πr2=πr  og høgde lik r. Arealet blir då tilnærma  A=πr·r=πr2.

Jo fleire sektorar vi deler sirkelen inn i, jo betre blir tilnærminga. Dersom vi deler sirkelen i veldig mange sektorar, får vi tilnærma eit rektangel.

Areal av samansette figurar

Når vi skal rekne arealet av ein samansett figur, må vi først dele opp figuren i formålstenlege delar. Vi ser på den same samansette figuren som vi fann omkrinsen til. Korleis vil du dele opp denne figuren for å finne arealet?

Forslag

Dette kan sikkert gjerast på fleire måtar, men eit godt forslag er å sjå på rektangelet ABDE, trekanten BCD og halvsirkelen som er avgrensa av CD.

Vi finn dei tre areala og legg dei saman. Vi bruker måla vi fann lenger oppe:

AABDE = 3,0cm·2,0cm= 6,0cm2ABCD = 3,0cm·2,0cm2= 3,0cm2ACD = π·1,1cm22= 1,90cm21,9cm2AABCDE = 6,0cm2 + 3,0cm2 + 1,9 cm2= 10,9cm2

Formlar for areal av utvalde figurar

Her har vi samla formlane i ein tabell:

Arealformlar

Namn

Arealformel

Kvadrat

A=s2

Rektangel

A=g·h

Trekant

A=g·h2

Parallellogram

A=g·h

Rombe

A=g·h

Trapes

A=(a+b)·h2

Sirkel

A=π·r2d=2r

Relatert innhald

Fagstoff
Måleiningar for lengde

Her skal vi sjå på korleis vi måler lengder og vinklar, og kva slags målereiskapar og nemning vi bruker.

Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Tove Annette Holter.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2021