Skjerehastigheit og omdreiingstal

Vi bruker symbolet
Problemet er at når vi stiller inn farten på dreiebenken, kan vi ikkje stille inn skjerehastigheita direkte. På dreiebenken stiller vi inn omdreiingstalet, dvs. talet på heile omdreiingar arbeidsstykket gjer per minutt, som har nemninga omdr/min. Omdreiingstalet har symbolet
For å finne riktig omdreiingstal for eit bestemt materiale med ein bestemd storleik (diameter), kan vi bruke eit såkalla nomogram eller ei turtalsskive. Her skal vi rekne ut omdreiingstalet ved hjelp av formelen for skjærehastigheten
Dette er ein formel som gir oss skjerehastigheita i meter per minutt (m/min). Vi ønsker å rekne ut omdreiingstalet
Resultatet blir
Først skal vi bli litt betre kjent med omgrepa skjerehastigheit om omdreiingstal. Nedanfor finn du eit interaktivt GeoGebra-ark som simulerer ein dreibenk. Du kan dra i glidaren for å endre omdreiingstalet
Nedanfor finn du ei simulering av ein dreiebenk. I dreiebenken har vi montert eit arbeidsstykke der vi allereie har dreidd ned diameteren til halvparten på delar av arbeidsstykket. Du kan slå av og på dreiebenken og justere omdreiingstalet i simuleringa.
- Last ned simuleringa(GGB)
Aktivitetar til simuleringa
- Sett glidaren for omdreiingstalet
til 30 omdr/min i den interaktive simuleringa over. - Start dreiebenken. Observer at arbeidsstykket roterer.
Forklar at du kan finne omdreiingstaletved å telje talet på omdreiingar arbeidsstykket gjer i løpet av eitt minutt. Kontroller at omdreiingstalet verkeleg er 30 omdr/min. - Vil dei to blå punkta på arbeidsstykket ha same omdreiingstal?
- Kva omdreiingstal er det mogleg å få på dreiebenken i simuleringa?
- Forklar kvifor det ytste punktet på arbeidsstykket går fortare enn det inste punktet.
- Kor lang tid bruker arbeidsstykket på éi omdreiing når omdreiingstalet
er 30 omdr/min? - Rekn ut kor langt kvart av dei to punkta går på éi omdreiing.
- Rekn ut farten for kvart av dei to blå punkta. Dette blir det same som skjerehastigheita for kvart punkt.
- Vi antek at skjerehastigheita for det ytste punktet frå den førre oppgåva er den ideelle skjerehastigheita for materialet. Kva må omdreiingstalet
vere for at vi skal få ideell skjerehastigheit, dersom vi skal dreie på den delen av arbeidsstykket med den minste diameteren (ved det inste punktet)?
Rekn ut kva omdreiingstalet
Nedanfor kan du rekne ut omdreiingstalet
Hartvigsen, H., Lorentzen, R., Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006). Verkstedshåndboka. Oslo: Gyldendal.